Kva er det avgjerande i arbeidet i Guds rike? Kva er det som er uunværleg? Kva er det som er av ein slik verdi at om me fjerner det frå likninga så står alt anna igjen som eit tomt skal?
For litt over 2500 år sidan hadde Serubabel kommen tilbake til Jerusalem saman med ei stor gruppe jødar. Dei hadde vore flyktningar busett i Babylon. Her hadde dei budd sidan etter at Jerusalem, med tempelet som det store sentrumet, hadde vorte knust i år 586 f.Kr.
No hadde folket fått komma heim igjen. Det var ei tid for gjenoppbygging. Gjenoppbygging av landet. Men framfor alt gjenoppbygging av tempelet, Guds bustad.
I dette arbeidet var Serubabel ein av dei leiarane som Herren hadde kalla til teneste. Han skulle vera statthaldar og var samstundes ein av dei som hadde oppsyn med tempelbygginga. Under dette bygningsprosjektet fekk han eit ord i frå Gud som er referert for oss i Sak 4:6. Herrens ord til Serubabel var:
[…] ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande. Sak 4:6
Dette skulle få vera ei rettesnor for Serubabel si teneste. Og verset står også igjen i all ettertid som eit vers som gjev ei rettesnor for alt arbeid i Guds rike. Det er eit vers som understreker Serubabels, og vår, fullstendige avhengighet av Anden og hans gjerning i det arbeidet Gud kallar oss til.
Truslane for arbeidet
I den situasjonen der Serubabel mottok dette ordet var arbeidet på tempelet under ulike truslar. I Esra 4 kan me lesa om korleis det var motstandarar som på ulikt vis prøvde å gripa inn for å hindra arbeidet.
I Sakarjas bok får me lesa om at det djupaste likevel ikkje var mektige ytre fiendar som ville stansa arbeidet. Israelsfolket sitt hovudproblem var ikkje dei andre, men dei sjølve. Dei hadde forlatt Herren. Difor startar Sakarja 1:3 med å kalla Israelsfolket til å venda om til Herren.
Dette kan læra oss noko viktig om arbeidet i Guds rike i dag. Kva er hovudtrusselen for Guds folk i Noreg i dag?
Mitt inntrykk er at det kan vera ein tendens til å oversjå det mest grunnleggande problemet som utgjer ein trussel for dei som vedkjenner trua på Jesus.
Mange kan vera veldig fokusert på endringa i dei ytre tilhøva kristne opplever. Endring i lovverk. Endring i haldningar i storsamfunnet til tradisjonelle kristne verdiar. Dette skal ikkje bagatelliserast. Me skal få vera takknemlege for korleis den kristne arva har fått vera med å forma vårt norske samfunn. Då me trur det er til det beste skal me også få kjempa for at denne arven skal få vera pregande for vårt samfunn framover.
Men Bibelen og historia syner oss at Guds rikes framgang på jorda ikkje er avhengig av politiske forhold. Dette må me ikkje gløyma! Guds rike er ikkje eit maktrike. Det er ikkje eit rike som går fram gjennom politiske vedtak eller militære maktstyrker. Det er eit rike som går fram ved at Anden får gjera sin gjerning i enkeltmenneske sine liv.
Hovudtrusselen for Guds folk er ikkje sekularisering av samfunnet, men sekularisering av hjarterommet hjå dei som reknar seg som kristne. Hovudtrusselen er når dei som reknar seg som kristne i sine hjarter vender seg bort frå Herren. Hovudtrusselen er når Guds folk kretser rundt seg sjølv og sine eigne interesser, gleder og sorger.
For oss som vedkjenner trua på Jesus er difor møtet med Sakarjas bok eit kall til oppgjer og omvending til Herren.
Arbeid i eiga kraft
I det gjenoppbyggingsarbeidet som Serubabel stod i kan det ha vore nærliggande å spørja korleis han kunne fullføra prosjektet. I møte med truslane, kva var redninga?
Herren fortel då Serubabel at han ikkje skal gå fram i makt eller kraft. Det var ikkje i militærmakt eller i menneskelege krefter han skulle setja si lit. Det var ikkje det som var det avgjerande. Det altavgjerande var om dette fekk vera Herrens byggeprosjekt. Om det var han som ved sin Ande fekk driva det.
I dette byggeprosjektet brukte Herren menneskelege krefter med deira gåver. Serubabel sine krefter spelte ein rolle i at byggverket kunne reisast. Men i det store biletet var hans og bygningsfolkets krefter heilt til fånyttes utan Guds Ande.
«Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja», har Elias Blix lært oss å syngja. Dette var lærdommen som Serubabel også fekk av Herren for 2500 år sidan og som me også i dag treng verta minna på.
Til tider kan det virka som at Guds folk overser dette i tilnærminga til kristent arbeid. Me kan det i teorien, men i praktisk arbeid så viser våre prioriteringar noko anna. Me kan verta så opptatt av arbeidsform, byggverk, strategiar, lovverk og økonomi at det avgjerande i arbeidet vert borte.
Denne fokusforskyvinga kan vera like aktuell for dei som vil halda fast i tradisjonelle arbeidsformer som for dei som ynskjer å legga opp arbeidet på ein annan måte enn det har vorte gjort tidlegare. Samtalar og diskusjonar om arbeidsformer, strategiar, lovverk og økonomi må ha sin plass, men det er eitt som er nødvendig. Det er at arbeidet får vera Andens arbeid.
Kyrkja står i ei kontinuerleg fare for å verta eit tomt skal om Anden som fyller kyrkja ikkje får gjera sin gjerning med oss.
Andens arbeid
Det me treng, det er Anden. Me treng at Gud ved sin Ande virker i oss og blant oss. Det var det Serubabel var avhengig av og det er det som me er avhengig av.
I eiga kraft kan me skapa kjensler, stemning og strukturer som legg til rette for gode arbeidsvilkår. Men ein struktur kan aldri vekka døde sjeler til liv. Det er det berre Anden som kan. Det er berre Anden somkan overbevisa verda om synd, rettferd og dom. Det er berre Anden som kan herleggjera Jesus og som kan visa oss kva Gud i sin nåde har gjeve oss. Det er dermed berre ved Anden at me kan læra sanninga om Gud å kjenna.
Me kan skapa ein kultur som gjer at folk tenkjer dei må oppføra seg slik eller slik, men vår kultur kan aldri gjera meir enn å skapa eit godleikshykleri.
Det er berre Anden som kan fornya oss i trua på Jesus og skapa eit sinn som med glede seier ja til Guds lov.
Det er berre Anden som kan gjera sin dømmande, herleggjerande, bevarande og utrustande gjerning i eit menneskehjarte slik at det kjem til tru på Jesus og blir bevart hjå han til det evige livet.
Difor er det Andens gjerning gjennom Guds ord eg treng. Difor er det Andens gjerning gjennom Guds ord du treng. Difor er det Andens gjerning gjennom Guds ord verda vår treng.
Lat oss difor gå fram, ikkje med makt, ikkje med kraft, men i Guds Ande.