Denne artikkelen er ein av fleire denne påska der me vandrar gjennom Jesajaboka. Sjå oversikta over dei andre til høgre.
Ein konge har sitt rike. Slik er det og slik har det alltid vore. Det er utenkjeleg å sjå for seg ein konge som ikkje regjerer over eit konkret geografisk område.
Slik me tidlegare har sett fortel Jesajaboka om korleis det skulle komma ein ny jordisk konge. Men kvar skulle denne kongen regjera? Og korleis skulle hans rike vera?
Kunstnaren Jesaja
Jesaja er ei bok som sakte, men sikkert, målar eit bilete for oss som lesarar av det som er dei sentrale emna i boka. Han er ikkje ein som gjer seg ferdig med eit tema for så å aldri venda tilbake til det. Nei, igjen og igjen dukkar dei same emna opp.
I små bitar vert glimt gjeve oss av Guds karakter, folket si synd, av Guds frelsarkonge og hans frelserike. Strøk etter strøk malar Jesaja sin bodskap for oss.
Kongen på Sion-fjellet
I Jesajaboka er det slik at skildringa av kongens rike får vel så mykje plass som skildringa av kongen sjølv. Jes 2, 11, 25-26, 33, 60, 62 og 65 er blant dei kapitla der Jesaja skildrar den framtidige kongebyen.
Det er eit herleg bilete som vert mala. Det er ein by og eit land gjennomsyra av godleik og fred. Det er trygt. Alle truslar ser ut til å vera sigra over. Både krig og sjukdom ser ut til å vera eit tilbakelagt i denne framtidsvisjonen. For eit folk der truslar trua på alle kantar og krig var eit stadig tilbakevendande fenomen må dette ha vore strålande profetiar å høyra. Tenk, ein tilstand der alt vondt er forbi!
I generasjonar som gjekk må desse tekstane ha vore grunnlag for mange tankar, samtalar og bøner. Når skulle dette skje? Korleis skulle det verta når Jerusalem vart gjort nytt på denne måten? Det som ser ut til å vera klart er at oppfyllinga av desse løfta er knytt til Messias sitt virke.
Feilslåtte forventingar
Så kjem palmesøndag. Jesus rir inn som kongen. Er det no tida er kommen? Om han er Messias må vel det bety at han no knuser romarane og sit seg på trona som konge i Jerusalem?
Slik vart det ikkje. Han kom ikkje med eit militærrevolusjon, men med ein åndeleg revolusjon. Kva som fører til den endra stemninga rundt Jesus i påskeveka er nok samansett. Det me veit er at om det var ein lyd av hyllingsrop av ein konge som lydde på palmesøndag, vart denne lyden erstatta med rop om drap nokre dagar seinare: «Krossfest!».
At iallfall nokon i Jerusalem var skuffa av at Jesus ikkje hadde handla i samsvar med deira forventingar er truleg. Men det som folket ikkje såg var at det Jesus gjorde var av så uendeleg mykje større verdi enn det dei lengta etter.
Har Herrens løfter svikta?
Når Jesus ikkje kasta ut romarane, var han då ein annan enn den personen som var lova i GT? For når me les i tekstane i Jesaja er det ingen tvil om at det nye kongeriket skulle vera eit rike der fiendane var sigra over. Det skulle vera eit Jerusalem med ein glans som langt overgjekk byen på Kong David si tid.
Når Jesus då i staden for å kasta ut romarane døyr på ein kross, kan me då eigentleg hevda at Jesus oppfylte Herrens løfter? Eller er det slik at me pressar og tilpassar GT-tekstane slik at me tar med det som passar for oss? Ser me GT-profetiane som ein butikkvegg full av smågodt der me plukkar det me liker?
Om eg ynskjer å ha eit ærleg og reflektert forhold til Bibelens bodskap bør eg også kunne ta meg tid til å reflektera rundt desse spørsmåla. Personleg er min haldning til Bibelen at eg ynskjer å ta heile Bibelen på alvor. Dette gjeld også dei delane som ved fyrste augekast kan vera litt kompliserte.
Ein profet i fjellheimen
Når Jesaja profeterer om Messias og hans rike ser han inn i kva Herren skulle gjera i framtida. Han er på mange måtar som ein mann som er på tur i fjellheimen. Han ser på dei ulike tindane som ligg framom. Det er eit mektig bilete han har for augo sine med flott natur og overveldande fjell. Samstundes kan det vera slik at når han ser innover fjella så flyt fleire av dei toppane som ligg framfor saman. Det som kan sjå ut som ein samanhengande stigning kan i røynda vera to toppar som ligg på linje med ein dal mellom seg. Det er fyrst når han kjem opp på den fyrste toppen at han då kan sjå ned i dalen som skil han frå den neste toppen. Dalen vert fyrst synleg langs vegen.
Dette biletet kan vera med å illustrera korleis det er med gammaltestamentlege profetar. Det er ei mektig og overveldande framtid dei ser. Samstundes kan det vera slik at det som etter Guds tidsplan vil gå i oppfylling i fleire epokar for profeten er ein del av eit samanhengande bilete. Tidsgapet i Guds oppfylling vert fyrst synleg langs vegen.
Kongsmakt av ein annan verden
Slik er det også med profetiane i Jesajaboka. Det var ikkje slik at profetiane om det messianske riket vart oppfylt ved at Jesus i påskehøgtida sette seg på ei konkret, fysisk trune i Jerusalem. Men ved Jesu død og oppstode vart også Guds løfte om det framtidige og evige frelseriket forsegla.
For alle Guds lovnader har fått sitt ja i han. Difor seier vi og ved han vårt amen, Gud til ære. 2 Kor 1:20
Når Jesus har døydd og stått opp kan me også vera trygge på at det som venter på den andre sida av den dalen me no er i skal gå i oppfylling. Korleis det vert, veit me ikkje i detalj.
Me ser at mange av profetiane har ein poetisk språkbruk som ikkje utan vidare skal takast bokstavleg. Men det er eit bilete som vert måla for oss av ein fullstendig herleg tilstand.
Når Johannes i Openberringsboka skal skildra Guds evige rike er Jesaja ei avgjerande bok. Og i midten av alt dette herlege står han som sjølv er Den Herlege. Slik er det når Det nye testamente tar fram igjen desse tekstane om det messianske riket. Om du samanliknar Jes 2, 11, 25-26, 33, 60, 62 og 65 og Op 21-22 finn du mange likskapstrekk.
Mange av trådane frå Jesaja sin skildring av det framtidige Jerusalem nyttar Johannes for å skildra det nye Jerusalem. Det er fyrst då at dette riket fullt ut skal bløma.
Denne påska står me i dalen mellom desse to profetiske toppane. Me skal få sjå tilbake på Jesu død og oppstode. Samstundes skal me få sjå fram mot hans evige rike. Med tryggleik i det Jesus har gjort, skal me få løfta blikket mot framtida og vandra på vegen vidare mot det nye Jerusalem.