Denne artikkelen er ein av fleire denne påska der me vandrar gjennom Jesajaboka.
Den sjuande dagen kvilte Gud frå alt han hadde skapt og gjort, les me i forteljinga om skapinga. Høgdepunktet i skapinga var mennesket, skapt den sjette dagen. Alt var «overlag godt» (1 Mos 1:31).
I dag, påskeaftan, er dagen då alt er stille. Jesus ligg i grava. Det er sabbat, den sjuande dagen. I går, på den sjette dagen mintes me langfredag. Det var dagen då han som alt er skapt ved og til (Kol 1:16) løyste ut mennesket frå synd og skuld. Og på den same dagen i veka som Gud ved tidenes morgon erklærte at alt var «overlag godt», laud ropet «det er fullbrakt» frå Golgata. Tenk over det! Herren skapte mennesket på den sjette dagen i veka, og Herren frelste mennesket på den sjette dagen i veka.
I dag er det sabbat. Tida er komen for å reflektera litt over spørsmålet «kvifor». Desse dagane les me hjå Jesaja og hans påskebodskap om Herrens tenar som lid for folket. Kva er grunnen til lidingane?
Folket si synd og forbanning
Uttrykka som seier noko om kvifor er særs mange. Me byrjar med det avsnittet som står i sentrum av Jesaja 53 (hugs at kapittelet tek til i 52:13):
Sanneleg, våre sjukdomar har han teke på seg, og våre pinsler har han bore. Men vi trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og gjort elendig. Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom. Vi fór alle vilt som sauer, vi vende oss kvar til sin veg. Men Herren lét råka han det som vi hadde skuld i alle. Jes 53:4-6
Her er uttrykka så mange at det nesten er vanskeleg å rekka over alt. I vers 4 finn me ein rekke uttrykk me ofte finn att i tekstar som handlar om det å vera under forbanning – altså ulike konsekvensar av synd: sjukdomar, pinsler, det å vera heimsøkt, slegen av Gud og gjort elendig. Alt dette har han teke på seg. På hebraisk bruker ein to verb som inneber å løfta noko opp og å bera noko tungt.
Det finst kristne som bruker dette verset til å slå fast at ein rett kristen ikkje treng å oppleva sjukdom og smerte i livet. Jesus har jo bore all sjukdom. Dette blir ei grov feilkopling. Bibelen lærer oss tydeleg at me må tala om «allereie» og «enno-ikkje». Ein dag skal me vera fri all sjukdom og smerte, men enno er me det ikkje.
I vers 5-6 bruker teksten to ulike ord om synd. Desse orda er det verdt å ta med seg og merka seg. Tenaren har blitt såra, knust og råka for alt dette. Det første ordet, «brot», inneber ofte eit alvorleg overtramp og er også brukt i rettsspråket om det å bryta lova. Dette uttrykket blir også brukt i vers 8, der me les at «plaga råka han på grunn av misgjerningane til folket mitt».
Det andre ordet, «synd», er meir generelt og uttrykkjer også det som er bøygd og ikkje i samsvar med normal standard. Me fare for å pressa uttrykka, vil eg seia at det er rom for å snakka både om synd som skuldast veikskap og synd som skuldast vrang vilje og opprørstrong. Han, tenaren, har teke på seg straffa for alt dette.
Og legg merke til ordet «såra». Det kan også omsetjast med «gjennombora», noko som er ganske vanleg i engelske biblar. Truleg siktar Johannes til dette når han fortel om soldaten som spidda sida til Jesus med spydet sitt (Joh 19:35).
Skuldoffer
Det verset som inneheld det vanskelegaste uttrykket er vers 10:
Men Herren hadde hugnad i å knusa han. Han slo han med sjukdom. Når du gjer hans sjel til eit skuldoffer, skulle han sjå etterkomarar og leva lenge, og Herrens vilje skulle ha framgang ved hans hand. Jes 53:10
Ordet hugnad kan gjerast litt «snillare» og ein kan seia «Det var Herrens vilje», slik som Bibel2011. Men det er også fullt mogleg å tala om «hugnad». Med det meinast ikkje at Herren er ein sadist. Det handlar om at dette var i samsvar med Guds plan og vilje. Det same uttrykket blir brukt når det står at «Herrens vilje skulle ha framgang ved hans hand». Me kan ta med oss orda frå Ef 1 om Guds plan frå «før grunnvollen til verda vart lagd» (Ef 1:4).
Det uttrykket eg særleg vil understreka frå vers 10 er «skuldoffer». Skuldofferet var eitt av offera i Moselova og me finn reguleringar for det i 3. Mos 5:14-26. Det var naudsynt i høve der ein hadde gjort urett mot nesten sin (løgn, misbruk av tillit, lureri, tjuveri) og dermed også mot Herren. Det galdt og i høve der ein hadde synda mot heilage ting. Skuldofferet vert knytt til «vederlag» og det å betala att gjeld.
I tillegg måtte eit offerdyr berast fram. Det er viktig å merka seg denne koplinga mellom tenarens død og offersystemet. Dette blir gjort klårare for oss i NT, særleg Hebrearbrevet, der nettopp offersystemet og prestetenesta tydeleg blir sett i samband med Jesu død for oss. Han oppfyller offersystemet og gjer det overflødig.
Dei mange
Mot slutten av tenarsongen i Jes 53 blir uttrykket «dei mange» brukt fleire gonger. Me treng å stansa litt ved det:
For den møda sjela hans har hatt, skal han sjå det og verta metta. Ved at dei kjenner han, skal den rettferdige, tenaren min, rettferdiggjera dei mange, og misgjerningane deira skal han bera. Difor vil eg gje han dei mange til del, og sterke skal han få til hærfang, fordi han tømde si sjel til døden og vart rekna mellom brotsmenn – han som bar synda til mange, og han bad for brotsmenn. Jes 53:11-12
Når det gjeld kva tenaren gjer for «dei mange», merkjer me oss at han rettferdiggjer dei, ber misgjerningane deira, får dei som sin del og bar synda deira. Uttrykket «synda» i vers 12 er forresten eit tredje ord for synd på hebraisk, nemleg det ordet som og blir brukt om det å bomma på målet. Denne definisjonen av synd vil eg tru mange kjenner att frå forkynning.
Men tilbake til «dei mange». Dette uttrykket finn me også fleire stader i NT, blant anna når Jesus talar om at han gjev livet sitt som løysepenge for dei mange (Mark 10:45), og når Paulus i Rom 5 talar om Adam og Kristus, korleis den eines synd blei til død og forbanning for dei mange, medan Jesu gjerning blei til liv og rettferd for dei mange (Rom 5:15-19).
Uttrykksmåten er litt rar, men det passar godt saman med kristen lære om at Jesu død er for alle menneske, men at ikkje alle får del i gåva Frelsaren gjev. Det er ikkje slik at Jesus berre døydde for nokon. Alle vart rekna med på Golgata og difor er me og kalla til å invitera alle med på bryllaupsfesten. Og så vil alltid smerta over dei som seier nei gå saman med gleda over dei som tek imot og blir med.
Ljos for heidningfolka
Dette siste poenget fører oss til ein av dei andre tenarsongane, der det og blir sagt noko om gjerninga til tenaren og at den ikkje er avgrensa til berre å gjelda Israel:
Det er for lite at du er tenaren min til å reisa opp att Jakobs ætter og føra den frelste resten av Israel attende. Så vil eg då gjera deg til eit ljos for heidningfolka, så mi frelse må nå til enden av jorda. Jes 49:6
Tenaren er for jøde først. Det er Jakob og Israels frelste rest han er sendt til. Men det er for lite for Gud. Oppdraget blir derfor utvida og tenaren blir kalla til å vera eit ljos for alle folk og målet er at Herrens frelse må nå ut til enden av jorda. Dette er det same som det me såg i 52:10, at Herren openberrar armen sin for alle folk, slik at Herrens frelse (yeshua) kan nå ut til endane av jorda.
Prisen (Die Köste)
For nokre år sidan feira eg påska i Peru. Då fekk eg høyra om Påskeaftan at dette er ein dag ganske mange tenkjer at det er mindre farleg å synda enn elles i året. Jesus ligg jo i grava og kan ikkje “overvaka” oss på vanleg måte. Slik skal ikkje me tenkja.
Martin Luther tala ofte om “die Köste”, prisen. I god kristen tradisjon oppfordra han til å setja av litt tid til å tenkja over Kristi lidingar på krossen og minna seg sjølv om at “dette var for meg”. Når ein tenkjer slik blir tanken om at det ikkje er så farleg med synda ein vond tanke å tenkja. Då blir ikkje synda lenger attraktiv. Bruk difor dagen i dag til å dvela ved langfredagbodskapen.