Jesus møter Sakkeus 1 – Kjend og funnen

Vart du ferdig med forteljinga om Sakkeus då du gjekk ut av søndagsskulen? For mange vart det kanskje slik. Men ikkje noko i Guds ord er slik at vi blir «ferdige» med det. Møtet mellom Jesus og tollaren Sakkeus har ein bodskap også inn i etablerte kristne sine liv. Vi finn denne forteljinga i Luk 19:1-10.

Jesus reiste gjennom Jeriko, der Sakkeus budde. Det står ikkje mykje om tollaren sine motiv for å møte Jesus. Berre slik i v.3 og 4:

Han freista å få sjå Jesus, kven han var. Men han kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten på vokster Han sprang då i førevegen og klatra opp i eit morbærtre for å få sjå han, for vegen hans gjekk framom der.

Vi veit ikkje kor djupt dette stakk hos Sakkeus, men han hadde ein lengt etter å sjå Jesus. Kanskje visste han ikkje heilt kva han lengta etter heller, men der var ein trong. Slik kan vi ofte kjenne det. Ei ubestemd uro, ein lengt etter noko vi ikkje heilt veit kva er. Eg trur det høyrer saman med det å vere menneske i syndefallet si verd. Kor godt då å kjenne Jesus og få gå til han!

Men Sakkeus kjenner ikkje Jesus, og ventar kanskje ikkje så mykje. Han har vanskar med å finne fram og kome til. Men så skjer det uventa: Jesus kjem til Sakkeus!

V 5: Då Jesus kom til staden, såg han opp og sa til han: Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg vera i ditt hus.

Det vart berginga hans. Han er kjend av Jesus på førehand. Slik er det for deg óg. Om du synest det er vanskeleg å finne fram, så finn Jesus vegen til deg. I Ordet og forkynninga sitt nådemiddel møter Jesus deg. Du kan synest han er langt borte, men han kjenner deg og veit om all trong.

Sakkeus gjekk dit han visste Jesus ville kome forbi. Det skal du óg gjere. Det er å søkje til Bibelen og til forkynninga av Guds ord. Der er Jesus. Du kan likevel synest at mykje er uklart og vanskeleg å sjå, men senk skuldrane, Jesus greier å finne deg!

Likte du artikkelen?

annonse

Relaterte innlegg

logo

Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. (2 Kor 5,21)

Vipps: 70979

Kontonummer: 1503 82 08168

Organisasjonsnummer: 917 742 065

Epost: post@foross.no

Nettstedet er utviklet av Marius Sørenes. Logo og grafisk profil er utformet av Creo-x AS.