Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men tek skade på si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? Matt 16:26
Det kostar å verta ein kristen. For å verta omvendt til Gud vil til same tid seia å verta omvendt frå alt som dreg bort frå han. Ein kan ikkje i sanning tru på Gud utan samstundes å forsaka, seia nei til, djevelen og all hans gjerning.
Vil du vera ein Jesu læresvein, då lyt du fornekta deg sjølv. Då vert det berre eit som tel: Jesu vilje. Du kan i grunnen berre ha ein lidenskap då, nemleg å fylgja han. Alt anna må vera underordna. Din eigen vilje, interesser og hobbyar, kameratar og venninner, jobb og framtid, æra og rikdom, alt dette må du vera villig til å mista.
Dette synest for mange hardt. Det er som å mista livet, som Jesus kallar det. Men den som gjer det for hans skuld skal finna livet, det sanne liv, det evige liv. Jesus tek nemleg ansvaret for dei som tek si tilflukt til han og fylgjer han. Han veit kva dei treng både her i tida og i all æva.
Kor godt det er å vera hans i livet! Kor godt å vera hans i unge år! Det angrar eg ikkje, at eg fekk fylgja han frå barndom av. Kor godt å vera hans i gode dagar. Kor godt å vera hans i sorg og naud. Når min dødsdag kjem og eg skal over grensa til evighetet – kor godt det er å vera hans. Og på den siste store alvorlege dag, for Guds dom, kor godt det er å vera hans.
Han er den gode hyrde som gav livet til vår frelse. Jesus seier om dei som fylgjer han:
27 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. 28 Og eg gjev dei evig liv, dei skal aldri i æva gå fortapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. Joh 10:27f
Å snu ryggen til synd, kameratar, eigne interesser og anna, det synest for mange å kosta for mykje. Dei maktar det ikkje. Dei vil heller vera utan Jesus enn å vera kameratlause. Heller snu han ryggen enn å snu ryggen til rikdom, leik og last. Dei vil prøva å berga livet sitt ved å dra seg unna omkostningane. Så mistar dei det evige livet. Dei tek skade på sjela si. Mistar eit menneske si sjel ( tapar det evig livet og går fortapt ) så er skaden uoppretteleg.
”Hva det framfor alt gjelder om, må dog være å “finne sitt liv” og unngå den evige fortapelse. For (v. 26) om noen vinner aldri så mye her i livet, ja, “den hele verden”, så kan det dog ikke gagne ham noe dersom han “tar skade på sin sjel…. Alle denne verdens goder kan ikke oppveie tapet av sjelen (livet) i den hinsidige verden…… Mennesket eier ikke og kan aldri komme til å eie noe gode ved hvis hengivelse han kan frelse sin sjel fra den evige fortapelse, så tapet av sjelen er absolutt uopprettelig.” (Sigurd Odland).
Når Jesus så kjem i herlegdom skal dette sannast for alle. Då skal alle sjå at ingen som våga livet på Jesus vert til skammar. Då stiller han seg framfor Faderen og englane og seier: Denne han er min, han tek eg ansvaret for. Alle andre vil han fornekta. Han vil seia til desse: De er ikkje mine, gå bort frå meg de som gjorde urett.