[Salmane] legg ikkje berre fram for oss orda [til dei heilage] i tillegg til handlingane deira, men òg hjartet og grunnskatten i sjela. Me får sjå inn i grunnen for- og kjelda til orda og handlingane, me får sjå inn i hjartet korleis det stiller seg og føreheld seg i alle saker, i fare og naud.
For menneskehjartet er som eit skip på eit bårande hav. Stormar driv mot det frå alle kantar. Snart blæs frykt og uro for ulukker som kan koma i framtida, snart piskar tyngsle og tungsinn frå det vonde ein opplever no. Somme tider stryk brisen som ber med seg håp og høge tankar om lykke der framme, andre tider tryggleik og glede over det gode du har. Vindane lærer oss å tala ærleg, opna hjartet og ausa ut det som ligg på hjartegrunnen. For den som er i frykt og naud, talar heilt annleis om ulykke enn den som svevar i glede; og den som svevar i glede, talar heilt annleis om glede enn den som sit i frykt. … Og det beste er at dei talar med Gud om dette. – I Salmane ser me dei heilage inn i hjartet. (Luther, WA DB 10.1, side 100-103)
Det er vel nettopp dette som har gjort Salmane til ei så kjær bok for Guds folk gjennom alle tider. Dei er så ærlege, så menneskelege, talar ope om kjensler og opplevingar mange elles vanskeleg hadde våga setja ord på. Dei talar til Gud og om Gud, er tilbeding, teologi og forkynning. Og me finn dei i Bibelen, dei er Guds ord til oss.
Poesi
Salmane er poetiske tekstar. Det deler dei med Jobs bok, Høgsongen, Ordtøka, Forkynnaren og enkelte songar spreidde i dei historiske bøkene (t.d. 2 Mos 15:1-18, 21; Dom 5, 1 Sam 2:1-10 og 2 Sam 1:19-27). I tillegg er ein god del av profetbøkene sette opp som poesi i dei fleste bibelutgåver. Somme vil seia at profetane i bodskapane sine varierer mellom poesi og prosa, andre at dei flyttar seg på eit spekter der rein poesi og rein prosa er ytterkantane, men der talen deira kan ha fleire eller færre drag frå poesien. Salmane skil seg frå dei fleste andre ved at dette er songar eller dikt tenkt brukte i gudsteneste.
Somme særdrag er sams for poesi over mykje av verda. Det viktigaste er kanskje rett og slett orda. Prosa bruker orda til å fortelja, skildra, definera, forklara. I poesi er sjølve orda på ein heilt annan måte vesentlege. Uvande kombinasjonar, ord brukt i nye situasjonar, om heilt andre ting enn dei var laga til, gjer at me må lesa meir sakte, og at me ser det for oss eller kjenner det på oss. Poesi er rik på bilete. Eit slag bilete er reine samanlikningar:
Som hjorten lengtar etter bekker med vatn,
lengtar mi sjel etter deg, min Gud. Sal 42:2
Israel er eit tørt land, og mange bekker tørkar inn om sommaren. Me får altså presentert ein hjort som ikkje finn vatn, som tørstar og lid vondt. Det gjev ein heilt annan farge til utsegna: «Mi sjel lengtar etter Gud.» I samanlikningar er punktet som er samanlikna, svært ofte tydeleg nemnt, som her: Sjela mi er lik hjorten når det gjeld lengting, det er ikkje hevda nokon likskap på andre område. Men det hender òg at det ikkje er beinveges sagt kva samanlikninga gjeld:
Eg var ein mur
og brysta mine som tårn;
framfor hans auge har eg vorte
lik ei som finn fred. Høgs 8:10
Metafor er ein type bilete der me ikkje finn ord som «som», «lik», og liknande som viser at det er eit bilete. Fyrste linja i verset frå Høgsongen ovanfor er eit døme på dette: «Eg var ein mur», ikkje «eg var som ein mur», eller «eg var lik ein mur». Det som viser at det er eit bilete, er nettopp at det som er sagt, ikkje passar. Ei jente er ikkje ein mur. Gud er ingen sauegjetar (Sal 23:1). Salmisten i Sal 88 ligg ikkje i ei hole der brotsjøar slår over han (vers 7-8). I ein metafor går det heller ikkje fram kva samanlikninga gjeld, kva drag jenta har sams med muren, Gud med gjetaren, salmisten sin situasjon med det å liggja i ei mørk hole eller få stadige brotsjøar slegne over seg. Dette må lesaren fylla inn sjølv. Det gjer at lesaren involverer seg meir i det han les, enn om han las ei enkel forteljing utan bilete. Samtidig gjer dette òg at det vert viktig å kjenna den kulturelle ramma. At Herren er min hyrding høyrest heilt ulikt ut i Midt-Austen og på ein «station» i den australske «outback»-en; «han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile», høyrdest ulikt i eit velvatna Noreg enn i det tørre klimaet i Israel.
I Salmane og andre stader i Det gamle testamentet vert det stundom brukt bilete som er teke frå mytologien i religionen til folka Israel levde iblant. Dette kan verka uvant for oss, og somme les det bokstavleg, som om det viste at salmisten sjølv hadde desse førestillingane. Her er eit døme:
Men Gud, min konge frå gammal tid,
du som gjer frelsesverk på jorda,
du kløyvde havet med di makt
og krasa hovuda til uhyra i vatnet.
Du slo sund hovuda til Leviatan
og gav han til føde for folket i ørkenen.
Du braut veg for kjelder og bekker,
du tørka mektige elvar. Sal 74:12-15
I mytane er havet, uhyra og Leviatan makter som reiser seg mot t.d. Baal og vil truga livsgrunnlaget for menneska – fløyma inn over landjorda og skapa kaos. Biletbruken seier då noko om at Gud er den som står over alt, som ingen fiendar kan stå seg mot, og som garanterer orden og levelege kår. Samtidig kling gjerne sigeren over Farao då Gud kløyvde havet og førte folket sitt gjennom, med. Og i salmen er det brukt for å visa at Gud er kongen dei fiendtlege hærane som hadde teke landet (og gudane desse hærane tilbad), ikkje kunne måla seg mot. Problemet er ikkje at han ikkje har makt nok, men at han ikkje ser å får handa opp frå fanget og byrjar handla.
I poesi kan dyr, planter og livlause ting til tider oppføra seg som menneske, kjenna, snakka, tenkja:
Då Israel drog ut frå Egypt,
Jakobs hus frå eit framandt folk,
då vart Juda hans heilagdom
og Israel hans rike.
Havet såg det og rømde,
Jordan snudde og rann tilbake.
Fjella hoppa som vêrar
og haugane som lam. Sal 114:1-4
I tillegg kan ulike typar poesi ha ulike særdrag. Til dømes, fram til andre verdskrigen hadde norske dikt stort sett enderim og eit fast mønster av tunge og lette stavingar. I hebraisk poesi er enderim sjeldan og forsvinn stort sett i omsetjing. Det er heller ikkje ein fast rytme, sjølv om dei fleste verselinjene i eit hebraisk dikt/song gjerne har like mange trykksterke stavingar og om lag like mange stavingar i det heile. Det som meir enn noko anna særpregar hebraisk poesi, er at to og to linjer (nokre gonger tre) er bunde saman. Me kallar det gjerne parallellisme, og ein av måtane linjene kan bindast saman på, er nettopp at den andre tek opp att det den første seier, men med andre ord, gjerne slik at linja på ein eller annan måte forsterkar det som er sagt i linja føre:
Difor kan ingen skuldige bli ståande i dommen,
ingen syndarar i flokken av rettferdige. Sal 1:5
Kvifor er folkeslag i opprør?
Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane slår seg saman. Sal 2:1-2ab
Nokre salmar har òg andre verkemiddel. I somme lagar byrjinga og slutten ei ramme om salmen. Salme 8 både byrjar og sluttar med desse orda:
HERRE, vår herre, kor herleg ditt namn er over heile jorda! Sal 8:2/10
Andre døme er Salme 103 og 104.
Eit anna verkemiddel er repetisjon. Dette vert av og til kalla refreng, men ofte er det små forskjellar i ordlyden mellom dei repeterte ledda. I tillegg er dei gjerne på ein heilt annan måte ein del av oppbygninga og tankeføringa i salmen enn eit refreng i ein song i vår kultur plar vera. Nokre døme: Salme 42-43 (mykje truleg opphavleg éin salme): 42:6, 12; 43:5; 46:8, 12; 80:4, 8, 20 (Legg merke til at det står «Gud» i vers 4, «Gud Sebaot» i vers 8 og «Gud HERRE Sebaot» i vers 20). I Salme 59 er det to repeterte ledd. Det eine, er ikkje heilt likt begge gongene:
Min styrke, eg ser etter deg,
for Gud er mitt vern.
Min Gud møter meg med miskunn» Sal 59:10-11a
Min styrke, eg vil syngja for deg,
for Gud er mitt vern,
min Gud som viser miskunn. Sal 59:18
Det andre er ordrett likt, men får heilt ulik tyding på dei to stadene.
Dei kjem att kvar kveld,
dei hyler som hundar
og går rundt byen. Sal 59:7/15
I vers 7 er dette trugande. I vers 15, etter at me i versa føre har fått høyra at HERREN ler av dei (vers 9) og møter salmisten med miskunn (vers 11), ser me dei gå rundt i byen heile natta fordi dei ikkje finn mat, ikkje greier å gjera «eg-et» i salmen noko. Eit anna slag repetisjon finn me i Salme 136. Der endar kvart vers på «evig varer hans miskunn».
Nokre salmar er alfabetsalmar. Dei er bygde opp slik at kvar linje (Salme 111 og 112), kvar vers (Salme 34; 37; 145 og Klagesongane 1; 2 og 4), eller kvar gruppe linjer byrjar på den neste bokstaven i det hebraiske alfabetet. I Bibel-2011 er dette markert ved at den hebraiske bokstaven står ute i margen. Den mest gjennomførte er Salme 119, der 8 og 8 vers byrjar med same bokstaven (Klagesongane 3 har 3 og 3 vers på same bokstav).
Sidan det ofte er å finna i bøker om Salmane og annan poesi i Det gamle testamentet, nemner me òg det som blir kalla kiasme, oppkalla etter den greske bokstaven chi, som ser ut som ein X (me kjenner han frå det symbolet som ser ut som ein X over ein P, men som eigentleg skal vera dei greske bokstavane chi – rho, dei to fyrste bokstavane i Kristus). Her har dei parallelle orda i linjene motsett rekkjefylgje i den hebraiske teksten:
Kvifor er i uro folkeslaga, – folka grundar på fåfengd,
reiser seg jordas kongar, og fyrstane slår seg saman. Sal 2:1-2ab
Dei fleste moderne bibelutgåver deler poetiske tekstar inn i større einingar, som me kan kalla strofer eller stansa. Ser ein på ulike utgåver, er det ikkje fullt samsvar. I dei hebraiske manuskripta er salmane ikkje delte i avsnitt. Me veit heller ikkje korleis dei eventuelt vart delte når dei vart sungne/brukte i den gammaltestamentlege gudstenesta. Det meste me kan seia om det, er at eit eller anna truleg skjedde etter ordet «sela», anten det signaliserer ein kort pause, eit mellomspel, eit skifte i styrke eller noko anna. Det er difor best å sjå på inndelinga i avsnitt som ein del av lesaren sin analyse av salmen. Somme gonger gjev avsnitta seg greitt frå innhaldet (til dømes er det lett å sjå ei vending etter Sal 44:9 og ei ny etter vers 23) eller forma (Salme 119). Andre gonger vil lesarar dela salmen ulikt.
Salmeoverskriftene
Sjølv om det er påskrifter oppe eller nede på leirtavler som er svært mykje eldre enn salmane i Bibelen, reknar dei fleste at overskriftene i Salmane er lagde til ein gong etter heimkoma frå Babel, og at dei musikalske tilvisingane avspeglar bruken av salmane i gudstenesta på den tida. Nokre overskrifter ser ut til å seia noko om kva instrument som skal brukast (t.d. 5:1; 55:1), andre nemner kanskje melodien salmen skal syngjast til (22:1; 56:1), atter andre seier truleg kva slag salme det er tale om (32:1; 57:1). Enkelt sagt: Tydingane har stort sett gått i gløymeboka. Men overskrifta på Salme 102 er klår: «Ei bøn for den hjelpelause når han veiknar og vil ausa ut si klage for HERREN.» Salme 120-134 har alle overskrifta «Ein song til festreisene». Desse må då anten ha vore brukte på pilegrimsferdene opp til Jerusalem for dei store høgtidene, eller på vegen inn på sjølve tempelplassen. Men heller ikkje her kan me seia så mykje meir.
Ein del overskrifter har på hebraisk preposisjonen le- pluss ein namn. Det mest vanlege er leDavid. Preposisjonen kan ha fleire tydingar, men uttrykket vert stort sett teke i meininga «av David», altså at David er forfattaren. Salmane er delte i fem bolkar eller bøker, Salme 1-41, 42-72, 73-89, 90-106 og 107-150. Salmar av David finn me mest av i den fyrste og dei to siste bøkene. Ein del salmar har overskrifta libne Korah – av Korahs born, i Bibel 2011 omsett «Av Korah-songarane». Dette var eit songarlaug knytt til tempeltenesta. Me finn salmane deira i to bolkar, Salme 42-49 og 84-85, 87-88 (og 89, viss «esrahitten Etan» høyrde til dette lauget). Så har me fleire salmar av Asaf. Asaf var samtidig med David, men òg opphavsmann til eit songarlaug. Sidan fleire av salmane som ber hans namn, ser ut til å avspegla ei tid lenge etter at Asaf var død (t.d. Salme 74, som truleg viser til stoda etter at Jerusalem fall i 586), reknar ein gjerne at «av Asaf» må lesast som «av songarlauget Asaf grunnla». Asaf-salmane er Salme 50 og Salme 73-83. Så har Moses ein salme (Salme 90) og Salomo to (Salme 72 og 127).
Fjorten salmar har historiske merknader som knyter dei til hendingar i David sitt liv. Meininga kan anten vera at salmen avspeglar denne hendinga, at det er denne hendinga David hadde i tankane då han skreiv salmen, eller at salmen har vorte brukt i gudstenesta i samband med at forteljingane i Samuelsbøkene om desse avsnitta frå David i sitt liv vart lesne.
Salmetypar
I sitatet frå Luther såg me at han nemnde både tale om glede og tale om ulykke. Og ser me på salmane, finn me at nokre er lovsongar til Gud, andre undervisning eller forkynning av Gud, hans lov eller lære og kva han har gjort. Atter andre målber klage, ja, til tider òg protest over det vonde «eg» eller «me» erfarer. Somme salmar ber fram takk til Gud, som berga ut or nauda og faren. Me skal ta dei føre oss, ein for ein.
Lovsongar (hymner) og læresalmar
Dette kan me seia er den grunnleggjande salmetypen, sjølv om det slett ikkje er den det finst mest av. Ein lovsong kan byrja ved at songaren vender seg til Gud, t.d i Salme 8: «HERRE, vår herre, kor herleg ditt namn er over heile jorda, du som har breidd ut din glans på himmelen!» (eit anna døme er Sal 145). Oftare bed han seg sjølv eller andre å lova Gud:
Velsign HERREN, mi sjel!
Alt som i meg er, velsign hans heilage namn.
Velsign HERREN, mi sjel!
Gløym ikkje alt det gode han gjer. Sal 103:1-2
Halleluja!
Syng lovsong, HERRENS tenarar,
pris HERRENS namn! Sal 113:1
Lovsyng HERREN, alle folk,
pris han, alle folkeslag! Sal 117:1
I Salme 148 vert alt i himmelen og alt på jorda oppfordra til å lova HERREN.
Men salmistane seier ikkje berre at dei og alle andre skal lovprisa HERREN, dei gjer òg greitt greie for kvifor. Ofte byrjar denne skildringa med konjunksjonen ki – for. Nokre salmar nyttar i staden partisipp, desse vert på norsk gjerne omsette med relativsetningar (eller, for å få språket til å flyta betre: sjølvstendige setningar). Her er Sal 103:2-5 etter NO-38:
Lova Herren, mi sjel,
og gløym ikkje alle hans velgjerningar!
Han som tilgjev all di skuld,
som lækjer alle dine sjukdomar,
han som løyser ditt liv frå gravi,
han som kryner deg med nåde og miskunn,
han som mettar di sjel med det som godt er,
så du vert ung att som ørnen. Sal 103:2-5
Salmane gjev ulike grunnar for å lovsyngja HERREN. Eitt fokus er Gud som har skapt alt, og som styrer alt og held det oppe. Salme 8 og 104 er gode døme på dette. I Salme 29 vert det skildra korleis Guds kraft og herlegdom viser seg i torevêret. Andre salmar tek for seg Guds storverk i folket si historie, særleg korleis Israel har vorte eit folk og fått bu i landet: pakta med fedrane (Sal 105:5-15), utfriinga frå Egypt (t.d. Sal 135:8-9; 136:10-12), då han førte dei midt gjennom havet (Sal 106:8-12; 136:13-15), gjennom ørkenen (Sal 106:13-33; 136:16) og inn i Kanaan (135:10-12; 136:17-22). Fleire stader kjem det fram at Gud har teke seg av folket trass i syndene og fråfalla deira, at han er ein Gud som tilgjev (Salme 106; 99:8). Salmane kan òg dra fram ulike situasjonar der HERREN har gripe inn for enkeltpersonar eller for folket (Salme 107)
Somme salmar nemner Sion, staden HERREN har valt å bu (Salme 46; 48). Ein salme kan sjølvsagt ta med meir enn éin grunn for lovsong. Til dømes nemner fleire salmar både Gud som skapar og herre, og hans nåde mot folket sitt (døme: Salme 95; 100; 105; 148).
Salme 47; 93 og 95-99 lovsyng Gud som konge. HERREN har vunne siger, han er konge over alt, og han er Israels konge. Sigmund Mowinckel peika på at uttrykket «HERREN er konge» (Sal 93:1; 96:10; 97:1; 99:1) heng saman med hyllingsropet som lydde for ein ny konge (2 Sam 15:10; 2 Kong 9:13). Han tenkte seg at desse salmane vart brukte på ein fest om hausten då regnet kom etter den tørre sommaren og på nytt openberra Guds herredøme. Det får vera som det vil. Men salmane er jublande uttrykk for at Gud som er vår konge, verkeleg har brote ned all motstand og står som kongen ingen makter kan utfordra.
Ofte sluttar salmane òg med lovsong til Gud eller oppfordring til å prisa han (døme: Sal 135:19-21).
I nokre salmar er grunntonen tillit. Desse salmane har òg vorte kalla tillitssalmar (Salme 11; 16; 23; 27; 62; 91; 121; 125, 131).
Læresalmane har det sams med lovsongane at dei skildrar Gud, hans ord og hans gjerningar. Ulikt lovsongane har dei inga direkte oppfordring til lovsong. Døme er Salme 1; 19 og 119, som alle er opptekne av Guds lov eller lære (hebraisk: Tora). Salme 78 tek føre seg Guds truskap og folket sin utruskap i Israel si historie. I dei norske biblane er salmeoverskrifta maskil omsett med «ein læresalme». Det passar godt for Salme 78. Men elles er ulike salmar kalla maskil, og det er vanskeleg for ein lesar i dag å sjå kva som er sams for dei. Så når eg her snakkar om læresalmar, er det heilt uavhengig av overskriftene.
Desse salmane er grunnleggjande fordi dei skildrar Gud, korleis han er og korleis han handlar. Nedanfor skal me sjå korleis klagesalmane bruker det lovsongar og læresalmar har lært dei.
Klagesalmar
Svært enkelt sagt er klagesalmane salmar der den bedande ropar til Gud og bed han høyra, skildrar ærleg den nauda han opplever, og bed Gud gripa inn og frelsa. I nokre av desse salmane er det ein enkeltperson som ropar, i andre heile folket. Grensene mellom dei to kan likevel i somme høve diskuterast, ikkje minst fordi somme av Davids-salmane kan vera skrivne særskilt med tanke på kongen – at det er kongen som bed.
Mange av klagesalmane byrjar med eit rop til Gud om at han skal høyra:
Svar meg når eg ropar, du min rettferds Gud! Sal 4:2
HERRE, høyr mine ord!
Lytt til mi klage!
Høyr mitt rop om hjelp,
min konge og min Gud,
for eg bed til deg. Sal 5:2-3
Men dei kan òg byrja med ei bøn (Sal 6:2), ved å skildra nauda (Sal 3_2-3) eller på anna vis (Sal 44:2-9).
Eit særdrag ved klagesalmane er kor ærleg dei skildrar situasjonen dei er komne i. Her er så visst ikkje nokon tanke om at eit Guds barn må halda stemninga oppe, døyva dei vonde og beiske kjenslene og berre lovsyngja. Som Luther seier: Me får sjå dei heilage inn i hjarta.
For dine piler har råka meg,
di hand kviler tungt på meg.
I kroppen er ingenting uskadd,
for du er harm,
ikkje eit bein er heilt,
for eg har synda. …
Vener og dei som står meg nær,
held seg borte frå mi plage,
mine næraste held seg langt unna.
Dei som står meg etter livet,
set snarer for meg.
Dei som vil meg vondt, talar om å skada meg,
dei grundar dagen lang på svik. Sal 38:3-4, 12-13
I dette sitatet frå Salme 38 oppdagar me at den bedande ser nauda som noko Gud har skapt: «dine piler», «di hand», «for du er harm». Alt det andre er fylgjer av det Gud har gjort. Men han veit òg det er ein grunn for at Gud handlar som han gjer: «for eg har synda». Og syndvedkjenning er ein del av fleire salmar, den mest kjende kanskje Salme 51. Men me finn andre salmar der den bedande ikkje skjønar kvifor Gud handlar som han gjer, og der han, eller folket, hevdar at det slett ikkje er synd som ligg til grunn:
Likevel har du støytt oss bort og ført skam over oss,
du drog ikkje ut med våre hærar.
Du lét oss vika tilbake for fienden,
dei som hata oss rana til seg hærfang.
Du har gjort oss til slaktefe
og spreidd oss mellom folka.
Du har selt ditt folk til spottpris,
du tok ikkje stor betaling. …
Alt dette har kome over oss
endå vi ikkje har gløymt deg
og ikkje svike di pakt.
Vårt hjarte har ikkje vendt seg bort,
våre steg har ikkje bøygd av frå din veg. Sal 44:10-13, 18-19
Me ser at folket rett og slett protesterer mot det Gud gjer. Og dei er ikkje i tvil om at det til sjuande og sist er Gud som står bak når folket har tapt for fiendtlege hærar (som i Salme 44), eller når sjukdom rammar (som det truleg er tale om i Salme 88). Dei fortel Gud rett fram det dei opplever, og at dei ikkje får det til å stemma med det dei har lært om Gud. Og nett her er ein viktig ting med klagesalmane. Dei målar ærleg nauda dei er i og korleis det kolliderer med det dei har lært om Gud, det dei trur. Og så ankrar dei bøna nett i den Gud lovsongane, læresalmane og tillitssalmane har skildra. Salme 44 byrjar med eit langt avsnitt om kva Gud har gjort i fortida, korleis han er den same for folket no, korleis han er «min konge og Gud» (vers 2-9), og så kjem det som har hendt, i skarp kontrast til dette. I bøna (vers 24-27) bed dei Gud reisa seg, vakna, ikkje lenger løyna andletet, at han må frelsa i si miskunn. Dei held fast på Gud slik han har openberra seg tidlegare, slik han er forkynt, slik dei trur, frelsaren, den rettferdige, han som har gjort si pakt med folket, han som møter folket med miskunn, og så stiller dei dette beint opp mot den Gud dei opplever i den nauda dei er i no. I Salme 89 ser me noko liknande. Salmen byrjar med ein vakker lovsong, ei lang skildring av Gud, han som har skapt himmel og jord, og som difor har full kontroll over alt dette, han som har gjort si ubrytelege pakt med David og etterkomarane hans, ein lovnad han aldri vil bryta:
Éin gong for alle har eg svore:
Så sant eg er heilag,
eg vil aldri lyga for David.
Hans ætt skal vara til evig tid,
hans trone skal stå som sola framfor meg. Sal 89:36-37
Så kjem vers 39-40 som eit sjokk:
Men du har støytt bort den du har salva,
du vraka han og vart harm på han.
Du har gjort om inkje pakta med din tenar,
vanhelga hans krone i støvet. Sal 89:39-40
Gud har handla slik han på ingen måte skulle, ja, slik at det verkar som Gud lyg og ikkje lenger er heilag. Dette ligg då til grunn for bøna i vers 47-52 (pluss at salmisten der tek med andre grunnar: menneskelivet er kort, og fiendane vil spotta HERREN for dette).
I ein del klagesalmar er det ein brå omsnunad slik at salmen endar i tillit, ja, endå i lovsong.
Bort frå meg, alle som gjer urett!
For Herren høyrer min gråt!
Herren lyttar til mitt rop om nåde,
Herren tek imot mi bøn.
Alle mine fiendar skal bli til skamme og rista av redsle.
Brått skal dei snu seg bort i skam. Sal 6:9-11
Men eg set mi lit til di miskunn,
mitt hjarte skal jubla over di frelse.
Eg vil syngja for Herren,
for han har gjort godt mot meg. Sal 13:6
Somme har då tenkt seg at den bedande har kome til tempelet og lagt fram nauda si for Gud. Så har presten forkynt for dei at Gud har høyrt bøna og vil gripa inn. Deretter ber den bedande fram orda om tillit og jubel over frelsa. Den jødiske granskaren Meir Weiss tenkjer seg derimot at nettopp det å ta med seg nauda og leggja henne fram for Gud har gjort at den bedande no ser stoda annleis. Når han minner seg sjølv om kven Gud er, korleis Gud handlar, så vekkjer Gud på nytt tru og tillit i hjartet. Han vert viss på: Gud har høyrt bøna mi. Eg har ei trygg framtid hjå han.
Det finst òg ein del klagesalmar som ikkje har ein slik omsnunad (t.d. Salme 44; 74; 88; 89)
Takkesalmar
Er klagesalmane laga for å syngjast i nauda, vert takkesalmane brukte når nauda er over, når Gud har gripe inn. Dei byrjar då gjerne med å takka og lovsyngja Gud:
Eg vil velsigna Herren til alle tider,
alltid lovsyngja han med min munn.
Eg er stolt over Herren,
lat dei hjelpelause høyra det og vera glade.
Pris Herren saman med meg,
lat oss æra hans namn! Sal 34:2-4
Så kan me få ei skildring av kva som var gale:
Dødens band snørte seg om meg,
malstraumane skremde meg.
Dødsrikets band vart spente om meg,
dødens snarer venta meg. Sal 18:5-6
Men det som skil takkesalmane frå klagesalmane, er sjølvsagt at Gud har berga or nauda, og salmisten forkynner dette, ofte i mønsteret «eg ba – han høyrde – han frelste».
Eg søkte HERREN, og han svara meg,
frå alt som skremde, berga han meg. Sal 34:5
I mi naud kalla eg på HERREN,
eg ropa til min Gud.
Han høyrde meg frå sitt tempel,
mitt rop nådde hans øyre. …
Han rette ut handa frå det høge og greip meg,
drog meg opp or veldige vatn.
Han berga meg frå min mektige fiende
då dei som hata meg, var for sterke. Sal 18:7, 17-18
Sjølvsagt finst det òg salmar som er vanskelege å plassera i nokon av desse gruppene. Men eg trur det er dekkjande å seia at desse tre gruppene er hovudtypane, der svært mange av salmane kan få plass.
Teologien i Salmane
Lovsyng Herren, rop til han om frelse
Salmane er lovsong, klage og bøn og takkesong. Det vil ikkje seia at dei ikkje målber nokon teologi. For det fyrste seier berre det at dei snakkar til Gud, noko om kva dei tenkjer om han: Gud er ikkje ei upersonleg kraft. Han er ein personleg Gud, som det er mogleg å få kontakt med, og som vil høyra bønene deira og er i stand til å gripa inn og frelsa.
Vidare syng dei ikkje berre: «Velsigna HERREN, lov hans namn», «frels meg, frels meg» og «takk, takk!» I lovsongane seier dei kva dei lovsyng HERREN for. Dei skildrar den Gud dei trur på. Slik er lovsongane teologi og forkynning: Slik er vår Gud, han har gjort desse storverka for oss, han har gjeve oss desse dyre lovnadene, han har gått inn i dette forholdet til folket sitt!
Og når dei møter kriser og vonde ting, anten det er heile folket som opplever krig eller tørke, eller det er den enkelte som møter sjukdom, undertrykking og svik, klagar dei til HERREN og ropar til han om utfriing og berging. Dei har ingen måte å tvinga Gud til å gjera slik dei ynskjer. Men dei trur han høyrer bøn, og at han kan endra handlemåten sin mot dei når han høyrer bønene deira. Difor legg dei saka si fram for HERREN og gjev grunnar for at han skal hjelpa dei. Som me har sett ovanfor, er desse grunnane ankra nett i det gudsbiletet lovsongane målber.
HERRENS lov/lære (Tora)
Det hebraiske ordet Tora vert gjerne omsett «lov». Men det kunne like gjerne ha vore omsett «lære». Det heng saman med eit verb som tyder «undervisa, læra frå seg» (Sal 25:8, 12; 27:11; 119:33). Tora vert òg nytta som namn på Moselova (og på Mosebøkene). Men i Salmane er ordet ikkje brukt slik, vanlegvis er det tale om «HERRENS lov/lære» (Sal 1:2; 19:8), «Guds lov/lære» (37:31) eller med pronomen som viser til Gud (Sal 1:2; 40:9; 119:29, 109). Det tyder på at meininga ikkje er Moselova, men all Guds undervisning, alt Guds ord.
Det kan godt henda Salme 1 (og Salme 2?) er meint som ein introduksjon til heile Salme-boka. I så fall kan meininga vera å presentera Salmane som HERRENS lov/lære, ikkje i motsetning til Mosebøkene eller til nokon annan del av Guds ord, men at altså denne boka òg nettopp er Guds lære. Då er lovsongane, klagen, bønene og takken her samtidig Guds undervisning til den som les og brukar Salmane.
I Salme 19 les me om HERRENS lov/lære:
HERRENS lov er fullkomen,
ho gjer livet nytt.
HERRENS vitnemål står fast,
det gjer den uvitande vis.
HERRENS påbod er rette,
dei gjer hjartet glad.
HERRENS bod er klårt,
det gjev auga lys.
Frykta for HERREN er rein,
ho varer til evig tid.
HERRENS domar er sanne,
rettferdige er dei alle. Sal 19:8-10
Kor herleg ditt namn er over heile jorda! Gud skapte og held oppe – verdsbilete
Salmane prisar den store Skaparen.
Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
eit menneskebarn – at du tek deg av det? Sal 8:4-5
Salmen held fram med å undrast over at Gud har plassert alt dette under det vesle mennesket og gjeve det rang rett under Gud. Salme 19 ser òg Guds herlegdom på den himmelen han har skapt:
Himmelen kunngjer Guds ære,
kvelven fortel om det hans hender har gjort.
Dagen lèt sin tale strøyma til neste dag,
natt gjev sin kunnskap til natt. Sal 19:2-3
Men den som rett vil kjenna HERREN, må gå til HERRENS lov/lære (vers 8ff.). I Salme 104 finn me desse orda:
Han grunnla jorda på hennar søyler,
aldri i æve skal ho rokkast.
Djupet dekte henne som ei kappe,
vatnet stod over fjella.
Då du truga, rømde det,
det flykta for lyden av di tore,
over fjell og ned i dalar,
til staden du hadde fastsett.
Du sette ei grense det ikkje går over,
det skal aldri meir dekkja jorda. Sal 104:5-9
Endå oftare er det tale om at Gud held oppe det han har skapt, at han styrer alt. Og dette er eigentleg hovudtemaet i Salme 104:
Du sender mørker, og det blir natt.
Då myldrar dei fram, alle dyr i skogen.
Unge løver brøler etter rov,
dei krev si føde frå Gud.
Sola står opp, dei vender attende
og legg seg i sine hòler.
Då går mennesket ut til si gjerning
og arbeider til kvelden kjem. …
Alle ventar på deg,
at du skal gje dei mat i rett tid.
Du gjev, og dei sankar,
du opnar handa, og dei blir metta med det gode.
Du løyner andletet, og dei blir gripne av redsle,
du tek livsanden frå dei, då døyr dei
og blir til støv att. Sal 104:20-23, 27-29
Etter Salme 148, skal alt i himmelen, englane, sola, månen osb. Og alt på jorda, dei store havdyra, torevêr, regn, skodde, storm, fjell, tre, villdyr, fuglar og menneske lova HERRENS namn.
I Salme 65 feirar folket at HERREN har sendt regn slik at jorda gjev grøde:
Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt,
du gjer henne overdådig rik.
Guds bekk er full av vatn,
du sørgjer for kornet,
ja, såleis sørgjer du for henne.
Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene,
med regnskurer gjer du jorda mjuk,
du velsignar hennar grøde.
Du kronar året med dine gode gåver,
spora dine flyt over av rikdom,
beita i øydemarka flyt over,
haugane smykkar seg med jubel.
Markene kler seg med sauer,
dalane sveiper seg i korn.
Dei ropar av glede, dei syng. Sal 65:10-14
Alt kviler i Guds hender. Verda er ikkje eit stabilt system. Kaoskreftene trugar alltid Guds folk. I Salmane er det opprørte havet ofte brukt som bilete på dette (Sal 46:3-4; 69:3; 74:13-14). Fiendehærar vil angripa, innanlands er det òg mange farar. Men:
HERREN er mektig i det høge,
meir mektig enn ljomen frå veldige vatn,
enn havsens mektige brotsjøar. Sal 93:4
HERREN er god
«HERREN er god», det er noko salmane ofte understrekar (Sal 25:8; 34:9; 54:8; 73:1; 86:5 o.fl.) Difor er HERREN òg meir dyrebar enn alt anna for salmisten:
Ja, éin dag i dine føregardar
er betre enn tusen andre.
Å liggja ved dørstokken til min Guds hus
er betre enn å bu i lovlauses telt. Sal 84:11
Når HERREN er min hyrding, er eg trygg same kva som hender:
Berre godleik og miskunn
skal følgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i HERRENS hus
gjennom alle tider. Sal 23:6
Den største nauda i nauda, er at salmisten ikkje finn att HERREN, og han bed om å få oppleva Guds nærvær på nytt:
Eg tørstar etter Gud,
etter den levande Gud.
Når skal eg få koma fram for Guds andlet? Sal 42:3
HERREN er miskunnsam. Han openberra namnet sitt for Moses og sa:
HERREN er HERREN, ein mild og nådig Gud, sein til vreide og rik på miskunn og sanning! Han held fast på si miskunn i tusen slektsledd og tilgjev synd, skuld og lovbrot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. For synda til fedrane straffar han born og barneborn og tredje og fjerde slektsleddet. 2 Mos 34:6-7
Fyrste delen av denne sjølvpresentasjonen finn me att fleire stader i Salmane (86:15; 103:8; 145:8). Salmane seier òg ofte at HERRENS miskunn (hebraisk: hesed) varer evig (sjå Salme 136). For eit halvt hundreår sidan var det vanleg å seia at hesed tyder paktstruskap. Men ordet er aldri brukt om menneske sin handlemåte mot Gud, berre om korleis Gud er mot menneske. Dessutan stoppar ikkje Guds hesed der pliktene i samband med pakta tek slutt. Folket braut jo pakta gong på gong, men HERREN slo ikkje handa av dei likevel. Når folket har synda og møtt fylgjene av synda, og så på nytt vender seg til Gud i bøn, kan dei nettopp visa til Guds hesed (4 Mos 14:19; Sal 51:3). Me kan seia Guds hesed er at han ikkje gjev opp folket sitt, ikkje viser dei frå seg når dei har synda, ikkje lèt dei fara når dei har falle frå han. Den beste definisjonen er kanskje Paulus sine ord i det andre brevet til Timoteus: «Er vi trulause, så er han endå trufast, for han kan ikkje fornekta seg sjølv.» (2 Tim 2:13). Salmistane bed ofte Gud gripa inn på grunn av si miskunn (hesed):
Vend deg hit, HERRE, og fri meg ut,
frels meg i di miskunn! Sal 6:5
Reis deg og hjelp oss,
fri oss ut i di miskunn! Sal 44:27
Hjelp meg, HERRE, min Gud,
frels meg i di miskunn! Sal 109:26
Min Gud – ditt folk
HERREN hadde ført folket, Abrahams ætt, ut or slavekåret i Egypt, gjort si pakt med dei og sagt til dei: «Eg vil vera dykkar Gud, de skal vera mitt folk» (t.d. 2 Mos 6:7). HERREN budde mellom folket sitt. Han openberra si lov og sin vilje for dei. Han gav dei offerordningane slik at ureine syndige menneske kunne verta rekna for reine og heilage, ja, slik at dei kunne bu saman med den heilage Gud. Dette er bakgrunnen for det som er sagt i Salmane.
HERREN gjorde si pakt med folket og lova å vera med dei. Me har sett at dette var det aller mest dyrebare for dei truande i Det gamle testamentet, slik Salmane framstiller dei:
HERREN er min hyrding, eg manglar ikkje noko. Sal 23:1
Me har òg sett kor vondt det har vore for dei, kor dei har lengta etter å koma fram for HERREN, når dei ikkje opplevde det (t.d. Salme 42-43). I klagesalmane minner dei ofte HERREN på det forholdet og bandet han har til folket:
Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid?
Kvifor flammar din vreide mot dei du gjeter?
Kom i hug flokken du van deg i gammal tid,
din eigen stamme som du fria ut,
Sion-fjellet der du slo deg ned. Sal 74:1-2
Dei veit samstundes at HERREN er heilag. Å møta han utanfor pakta, utanfor dei ordningane han har skapt for å gjera samværet mogleg, er skremmande:
Då skalv og skaka jorda,
grunnvollane under fjella riste,
dei skalv fordi han var harm.
Røyk steig opp or hans nase,
øydande eld or hans munn,
gneistar loga opp frå han.
Han bøygde himmelen og steig ned,
under føtene var mørke skyer. Sal 18:8-10
Heldigvis for David, var HERREN her harm på David sine fiendar, ikkje på David.
Heile tilværet er i HERRENS hender. Landet dei bur i, avlinga dei kan hausta inn, liv og helse, trygging mot fiendar, alt er gjeve dei av HERREN. Om folket held pakta med HERREN og lever etter lova hans, er dei under hans velsigning og får eit godt liv. Motsett, viss dei bryt pakta, ikkje bryr seg om Guds bod, men vender seg bort frå han og til avgudane, får dei smaka forbanninga, og alt går gale (5 Mos 30:15-19). Difor, når dei truande opplevde sjukdom og ulukke, eller folket tapte i krig, tolka dei det som at HERREN var sint på dei. Difor protesterer dei òg når dei meiner dei har levd i pakta, grip tak i Guds lovnader og bed Gud vera mot dei slik han har sagt, og slik han har handla i gammal tid, at han på nytt må velsigna dei (t.d. Salme 44).
I nokre få salmar møter me syndvedkjenning og tilgjeving. Ei av dei er Salme 32:
Sæl er den som får sine brot tilgjevne
og sine synder tildekte!
Sælt er det mennesket
som HERREN ikkje tilreknar skuld,
som i si ånd er utan svik.
Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort
medan eg stønna heile dagen.
For dag og natt låg di hand tungt på meg.
Mi livssaft svann
som i heten om sommaren.
Då sanna eg mi synd for deg,
og mi skuld dekte eg ikkje over.
Eg sa: «Eg vil sanna
mine brot for HERREN.»
Og du tok bort mi syndeskuld. Sal 32:1-5
Korleis HERREN har vore mot folket «i gammal tid», særleg då han førte folket ut frå Egypt, leidde dei gjennom ørkenen og gav dei landet i eige, vert forkynt i lovsongane (t.d. Sal 136:10-15) og halde fram for Gud i klagesongar i kontrast mot nauda no, og som grunn for at Gud må få slutt på den utolelege stoda (Sal 44:3-4, 10-11).
HERREN er konge
HERREN er konge, er sjølve kongen. Me møter det allereie i Salme 2, sjølv om ordet «konge» ikkje er brukt om Gud der. Men «han som tronar i himmelen» er ikkje langt vekke. Og sidan han tronar der, har sjølvsagt ikkje kongar og fyrstar på jorda mykje dei skal ha sagt mot han: Han ler av dei. Og så er det ein konge på jorda som tel, som folka må førehalda seg til: HERREN har sett inn sin konge på Sion, og han seier til denne kongen:
Du er son min, eg har fødd deg i dag.
Be meg, så gjev eg deg folka som arv
og heile jorda i eige. Sal 2:7-8
Difor bør kongane på jorda tena HERREN og gje seg inn under sonen hans, kongen på Sion (Inngangen til vers 12 er litt ulik i ulike bibelutgåver, men eg meiner omsetjinga «Kyss sonen» kan forsvarast; det ville ikkje vera det einaste arameiske ordet i salmen, og dei andre løysingane er ikkje meir opplagde).
HERREN er kongen over heile universet. Kaoskrefter, anten frå åndeverda, frå naturen eller frå folkeslaga kan ikkje stå seg mot han. HERREN er konge, difor er tilværet trygt:
HERREN er konge!
Han har kledd seg i høgd,
HERREN har kledd seg i kraft
og spent beltet om livet.
Verda står fast, ho kan ikkje rokkast.
Di trone står fast frå gammal tid,
du er til frå æve. Sal 93:1-2
HERREN er meir mektig enn «havsens mektige brotsjøar» (vers 4), han er «over alle gudar» (Sal 95:3), meir fryktvekkjande enn alle gudar (Sal 96:4). Gudane til folkeslaga er avgudar (96:5), alle gudar (her kanskje i tydinga himmelske skapningar) skal prisa han (Sal 97:7).
Denne mektige kongen er Israels konge og bur på Sion. Han er «vår Gud» og «vår konge». Folket er «folket han gjeter, flokken i hans hand» (Sal 95:7; 100:3). Denne kongen er rettferdig og friar sine trugne frå handa til dei urettferdige. Difor skal Sion gleda seg og Judas døtrer jubla over dommane hans (Sal 97:8). Salme 99 held fint saman dei to sidene ved Guds kongedøme, at han er konge over alt, og at han er kongen vår:
HERREN er konge, folka skjelv,
han tronar over kjerubane, jorda bivrar.
Stor er HERREN på Sion,
han er opphøgd over alle folk.
Dei skal prisa ditt namn, det er stort og vekkjer frykt.
Heilag er han.
Mektig er kongen, han elskar det rette.
Det er du som grunnfester rettvise,
du gjer rett og rettferd i Jakob. Sal 99:1-4
Kongen tronar i himmelen, men han bur òg i Sion (Sal 48:3), då er palasset hans tempelet (Sal 46:5; 84:2-4). Difor er folket i Sion trygt (46:6-8; 48:9). HERREN elskar Sion (Sal 87:3).
HERREN har sett inn David og etterkomarane hans som kongar på Sion (Sal 2:6). Mange salmar nemner kongen. Salme 20 er ei bøn for kongen, som bed HERREN svara han, verna han, berga han, ta imot offera hans, la han lukkast og vinna siger. Salmisten skriv:
No veit eg at HERREN bergar den han har salva.
Han svarar han frå sin heilage himmel,
gjer storverk og frelser med si høgre hand.
Somme lit på vogner og somme på hestar,
vi lit på namnet til HERREN vår Gud. Sal 20:7-8
Salme 72 er òg ei bøn for kongen, mykje truleg i samband med at ein ny konge set seg på trona. Her bed salmisten at Gud skal gje kongen visdom og rettvise, så han kan styra folket sitt etter Guds vilje. I Salme 132 finn me denne bøna:
For David, din tenar skuld,
vis ikkje frå deg den du har salva. Sal 132:10
Altså, Gud hadde gjeve sine lovnader til David og etterkomarane hans. Han må halda dei òg for den representanten for Davids-ætta som sit på trona no. Me har allereie sett korleis det same er nytta i Salme 89. Etter at Guds ubrytelege lovnader til David er grundig skildra, får me brått vita korleis det står til no: Gud har kasta frå seg Davids etterkomar, den han har salva. Poenget er: Dette må Gud gjera noko med om han framleis vil gjelda for sannordig.
I tillegg til dei salmane som beinveges nemner kongen, har me sett at det finst fleire der overskrifta viser til hendingar i David sitt liv, slik som då han laut rømma for Absalom. Overskrifta til Salme 18 er slik: «Til korleiaren. Av HERRENS tenar David, som sa fram orda i denne songen for HERREN då HERREN hadde berga han frå alle fiendane hans og frå Saul.»
Gud hadde gjeve sine lovnader til David. Her er nokre vers frå Salme 89:
Min truskap og mi miskunn skal vera hos han,
i mitt namn skal han få kraft.
Eg legg havet under hans hand,
elvane under hans høgre arm.
Han skal ropa til meg: «Du er min far,
min Gud, mitt berg som frelser meg!»
Ja, min førstefødde skal han vera,
den høgste mellom kongane på jord.
Eg skal alltid gjera godt mot han,
mi pakt med han står fast.
Hans ætt held eg oppe til evig tid,
hans trone så lenge himmelen er til. Sal 89:25-30
Retten til kongedømet kviler på Guds lovnad og pakt. HERREN er konge over verdsaltet, difor skal òg Davids ætt styra heile verda frå Sion. Og sidan Gud er rettferdig, skal kongen styra med rettferd og ta seg av dei veike i samfunnet (Sal 72:10-14). Men det vart ofte så som så med rettvisa, og veldet deira gjekk slett ikkje «frå hav til hav, frå Storelva til endane av jorda» (Sak 9:10). Til slutt ligg Jerusalem i ruinar, tempelet er brent og kongen sit fange i Babel (jf. Sal 89:37ff). Men Guds lovnader står framleis. Profetane held fram med å forkynna at Gud vil halda og setja i verk det han har lova (Esek 37:21-28; Sak 9:9-10). Og då tida var fullkomen, oppfylte HERREN orda til vitna sine ved å senda Son sin. Han er både kongen som tronar over kjerubane (Sal 99:1), og den salva kongen på Sion i Davids ætt (Sal 2:6).
Kor mange mine fiendar er!
I mange salmar klagar den bedande over fiendane og vil at Gud skal berga han frå dei. I dei salmane som er lagde i munnen på heile folket, forstår me det gjeld fiendehærar som vil gjera åtak, eller som har trengd seg inn i landet. I salmar for enkeltpersonar kan det vel vera litt forskjellige folk, gjerne slike som bryt med salmisten når han ligg nede, t.d. i samband med sjukdom, og prøver å nytta det til eigen fordel.
Det som gjer somme av desse salmane vanskelege, er at dei ikkje berre bed om utfriing frå fiendane, men òg at Gud skal straffa dei. Her er nokre døme:
Bryt armen på den som er urettferdig og vond!
Krev han til rekneskap for hans urett
så han ikkje må finnast meir! Sal 10:15
Drep dei ikkje, for då gløymer folket.
Styrt dei med makt
så dei må flakka omkring, Herre, vårt skjold!
Orda dei har på leppene,
er synd frå deira munn.
Lat dei fangast i sitt hovmod!
Dei talar forbanning og løgn.
Gjer ende på dei i din harme,
gjer ende på dei så dei ikkje meir er til.
Så skal dei skjøna
at du er Gud som rår i Jakob,
heilt til endane av jorda. Sal 59:12-14
Du dotter Babel som er herja,
sæl er den som gjev deg att
for det du gjorde mot oss.
Sæl er den som grip dine born
og knuser dei mot berget! Sal 137:8-9
Korleis skal me sjå på desse salmane? Her er nokre freistnader på svar:
Dei som bed, har ikkje makt til å gjera noko med situasjonen. Heller ikkje orda frå Salme 137 skal lesast som ei oppmoding til å massakrera nyfødde born, dei målber ei bøn om at Babel aldri meir, heller ikkje i komande slektsledd, igjen må verta så mektig at dei kan knusa Guds folk og føra dei bort som fangar.
Dei harde orda gjeld menneske som har gjort urett. Det er grunn til å harmast på urett. Når me høyrer om menneske i vårt land som lid urett, vert me òg sinte – og meiner at styresmaktene må gjera noko med det! Når fiendane er framande makter, hjelper det ikkje å venda seg til styresmaktene. Og sjølv mot innanlandsfiendar nytter det ikkje alltid å ta det opp med dei som styrer. For det fyrste var maktapparatet mindre utbygd i dei gamle israelske kongedøma enn det er hjå oss. For det andre kunne noko av problemet nettopp vera korrupsjon hjå dei styrande – slik det er i svært mange land òg idag. Når ein ikkje kan håpa at regjeringa grip inn mot uretten, må ein leggja saka fram for Gud (det bør me jo òg gjera sjølv om me har tiltru til både politi og Storting).
Somme uttrykk som me lett vi oppfatta som vondskap, vil eigentleg målbera truskap mot Gud.
HERRE, eg hatar dei som hatar deg,
og avskyr dei som står deg imot!
Eg hatar ei med eit grenselaust [eigentleg: heilt, fullkome] hat,
dei har vorte mine fiendar. Sal 139:21-22
«Hat» står ikkje her fyrst og fremst for sterke negative kjensler, men for at eg avgjort ikkje vil vera på deira lag. Dei er Guds fiendar, «eg» står heilt og fullt på Guds side; Guds fiendar er mine fiendar, eg har bestemt meg for å ikkje ha noko med det dei står for og prøver på.
Me byrja med eit sitat av Luther, der han seier at me i Salmane ser inn i hjartet til dei heilage. Det gjer Gud òg. Han veit om alle tankar og kjensler som bur der inne. Difor finst det ingen kjensler du ikkje kan ta fram for han. Vert me utsette for urett, vert me sinte, sjølv om me kan meina me ikkje burde, og sjølv om me greier å skjula det for menneske. Somme kan verta skadde for livet ved ting andre menneske har gjort. Då kjem både harme og hemntankar fram i hjartet. Men i staden for å gjera urett tilbake om det står i di makt, viser Salmane oss ein annan veg: Å leggja hjartet ope for Gud og be han gripa inn.
Eg blir alltid hos deg – liv og død
HERREN lever (Sal 18:47). Livet ligg i hans hand, han er livsens kjelde (Sal 36:10). I salmane er søkjelyset på livet her på jorda. Farar trugar støtt, men HERREN er hyrdingen og frelsaren min, eg treng ikkje reddast (Salme 23). Døden vert ofte skildra som ei makt, som gjer åtak på livet, ber med seg sjukdom og annan livsfare. I klagesalmane kan salmisten seia at HERREN har overgjeve han til døden (eller til «brotsjøane») (Sal 88:7-8) slik at han «blir rekna til dei som har gått i grav» (vers 5). I takkesalmane kan det HERREN har berga dei frå, skildrast på denne måten:
Dødens band snørte seg om meg,
redsler frå dødsriket nådde meg,
eg fann berre naud og sorg. Sal 116:3
I fleire salmar vert det sagt at dei døde er skilde frå Gud:
Kven av dei døde kallar på deg?
Ingen i dødsriket prisar deg. Sal 6:6
Gjer du under for dei døde,
står daudingar opp og prisar deg?
Fortel dei om di miskunn i grava,
om din truskap i avgrunnen?
Blir dine under kjende i mørkret,
di rettferd i det gløymde landet? Sal 88:11-13
Likevel, HERREN er sterkare enn døden. Fleire salmar forkynner at grava ikkje er det siste. Me ser det så vidt allereie i den fyrste salmen.
Difor kan ingen skuldige bli ståande i dommen,
ingen syndarar i flokken av dei rettferdige.
For HERREN kjenner vegen dei rettferdige går,
men vegen dei urettferdige går, fører vill (eigentleg: går til grunne). Sal 1:5-6
Her må sluttresultatet vera meint, ikkje berre at ein domstol av rettferdige vil dømma den skuldige eller urettferdige skuldig. Flokken av dei rettferdige blir ståande i den endelege dommen. HERREN kjenner vegen deira framleis når vegen dei urettferdige fylgjer, går til grunne. I Salme 49 les me at ingen kan kjøpa bror sin fri frå døden:
Det er kostbart å kjøpa livet hans fri,
det må ein gje opp for alltid.
Kunne han vel leva evig
og aldri sjå grava?» Sal 49:9-10
Likevel veit salmisten:
Men Gud vil kjøpa meg fri frå dødsrikets grep,
for han vil ta meg til seg. Sal 49:16
Endå klårare ser me det i Salme 73. Salmisten hadde nær mista trua då han såg kor godt dei gudlause lykkast. Men så gjekk han inn Guds heilagdom. Då såg han korleis det skulle gå dei til slutt. Dei som såg så store ut her, og som det såg ut til kunne undertrykkja andre som dei ville, utan at Gud eller menneske greip inn, dei går til grunne «og endar i redsle». For salmisten og dei andre som er «reine av hjartet» (vers 1), vert det heilt annleis:
Men eg blir alltid verande hos deg,
du har gripe mi høgre hand.
Du leier meg med ditt råd,
og sidan tek du imot meg i herlegdom.
Kven har eg elles i himmelen?
Når eg er hos deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.
Om kropp og hjarte forgår,
er Gud for evig mitt hjartans berg og min del. Sal 1:23-26
Salmane og oss
Gud er den same (Jak 5:17-18), og mennesket er uendra. Difor kan truande til alle tider kjenna seg att i det salmistane seier. Samtidig har Det nye testamentet ført med seg store endringar. Me lever ikkje lenger med tempelteneste og ofringar. Kristus er komen og har ofra seg sjølv éin gong for alle. Å bu i Herrens hus er å vera i Jesus og eiga alt han har vunne for oss. Når Salmane talar om fiendar, er det menneske og krigsmakter, Det nye testamentet openberrar på ein heilt annan måte at djevelen er den verkelege fienden – sjølv om mykje vondt kan koma gjennom menneske og menneskelaga system og strukturar. Det evige livet står òg heilt annleis sentralt i Det nye testamentet. Kristus har stått opp frå dei døde, og kvar den som trur på han, skal leva evig med han. Det kan gjera motbør og vanskar i livet her lettare å tola, men tek dei på ingen måte bort.
Hjarterøysta til dei truande og Guds ord
I Salmane talar menneske ærleg med Gud. Samstundes er dette Guds ord til oss. Salmane fortel difor ikkje berre korleis nokre menneske for lenge sidan lova Gud, vende seg til han i klage og bøn, og takka han når han greip inn og frelste; dei viser korleis me skal lovsyngja, klaga og be og takka han. Difor kunne Luther seia at me her ser hjarterøysta til Guds folk gjennom alle tider. Guds kyrkje lovsyng, bed og takkar slik («kyrkje» då sjølvsagt i tydinga «Guds folk»). Gud vil at me skal lovsyngja han, og at me i lovsongen skal skildra han, kva han har sagt, og kva han har gjort. Han vil at me skal leggja alle ting ærleg og ope fram for han. Me treng ikkje gjera oss fromme og lata som me er glade og jublar når hjarta skrik; han vil høyra hjarterøysta. Frå Salmane ser me klårt at livet for eit Guds barn ikkje alltid er lett og utan vonde opplevingar, men me ser òg at same kva som måtte henda, og same korleis stoda måtte vera, kan me leggja det fram for han slik me opplever det.
Salmane vil hjelpa oss å venda auga til han i nauda, vil vekkja opp att trua og tilliten til han midt i vanskane. Når alt er svart, ligg det nær å krinsa om oss sjølve. Salmane hjelper oss å ta det vonde fram for Herren. Då kan det skje, som i Salme 6 og 13, at gleda og tilliten bryt gjennom sjølv om det ytre ikkje er endra. Du veit Gud elskar deg. Du veit han har sendt Son sin for deg. Du veit han unner deg evig liv. Og du veit han er ved di side òg no. Som Luther skreiv til ein som var fengsla for trua si: No har dei sett Kristus i fengsel, for der hans er, der er han. Andre gonger kan det vera som i Salme 88. Denne salmen sluttar slik:
Din harme slår over meg,
dine redsler gjer ende på meg.
Dei er omkring meg som vatn heile dagen,
alle saman omringar meg.
Du har drive vener og frendar bort frå meg,
mine kjenningar er borte i mørkret. Sal 88:17-19
Men sjølv om alt framleis er mørkt, vert salmisten verande der framfor Herren.
Lovsongane vil òg få oss til å festa blikket på Herren og det han har gjort og gjer:
Velsign HERREN, mi sjel!
Gløym ikkje alt det gode han gjer.
Han tilgjev all di skuld
og lækjer alle dine sjukdomar.
Han friar ditt liv frå grava
og kronar deg med miskunn og kjærleik.
Han mettar ditt liv med det gode,
du blir ung att som ørna. Sal 103:2-5
Og heile salmen held fram med å skildra kor god HERREN er. Slik er det med alle lovsongane i Salmane.
Lovsyng vår Herre og Frelsar
Det nye testamentet forkynner: Ordet vart menneske! (Joh 1:14), Gud sende Son sin, den einborne, lét han verta menneske og døy på krossen for våre brot, åleine møta Guds vreide over alle menneske sine synder, stå opp frå dei døde tredje dagen, vinna siger over djevelen og dødens makt. Han frelste oss frå alle synder, frå døden og djevelens makt og sette oss inn i sitt rike. Jesus vart og er menneske, men han er òg Gud. Lovsongane dei truande i Det gamle testamentet song til Gud, kan me syngja til Herren Jesus. Me kan bruka klagesalmane til å leggja all vår naud fram for han som leid og døydde for oss. Gjennom orda i takkesalmane kan me takka Jesus:
Han rette ut handa frå det høge og greip meg,
drog meg opp or veldige vatn.
Han berga meg frå min mektige fiende
då dei som hata meg, vart for sterke. Sal 18:17-18
Når me syng salmar som skildrar Guds historie med folket sitt Israel, tek me med den hendinga som er endå større enn dei som Det gamle testamentet kan fortelja om, at han sende Son sin til å døy og stå opp for oss. Jesus er Herren over herrane, kongen over kongane. Dei store orda om kongen av Davids ætt gjeld han, når salmane forkynner at HERREN er konge, syng dei om frelsaren vår.
Alt som er sagt om meg, må oppfyllast
Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var saman med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som står skrive om meg i Moselova, hos profetane og i Salmane.» Luk 24:44
I Det nye testamentet er det ofte understreka at Jesus oppfyller det som er sagt i Salmane:
[HERREN] sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.» Sal 2:7; Apg 13:33
Du gjev ikkje mi sjel over til dødsriket,
du lèt ikkje din trufaste tenar sjå grava. Sal 16:10; Apg 2:25-32; 13:35
På krossen gjorde Jesus orda i Sal 22:2 til sine:
Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? Sal 22:2
Ovanfor såg me at Salme 2 tala om kongen på Sion. Korleis kan då Det nye testamentet seia at salmen handlar om Jesus? I gammaltestamentleg tid tala profetane om Messias, kongen i Davids ætt, som HERREN i framtida skulle gje dei. Det nye testamentet forkynner at Jesus er denne Davids-sonen som skulle koma. Han oppfyller Guds lovnader. Difor vert orda i Salmane om David og kongen i Davids-ætta heilt sjølvsagt brukte om Jesus. Han oppfylte det ingen av kongane på Sion før han hadde makta. All makt i himmelen og på jorda er gjeven han (Matt 28:18-20), for han skal kvart kne bøya seg og kvar tunge vedkjenna som Herre (Fil 2:10-11). Berre han samsvarar fullt ut med det idealet Salme 72 held fram for korleis kongen skulle vera. Og om kongen på Sion var Guds adopterte son, er Jesus den einborne, éin Gud med Faderen og Den heilage ande.
Salmane er Guds ord og samstundes kyrkja si bøn til Gud. Dietrich Bonhoeffer har peika på at Jesus som hovud for kroppen som er kyrkja, då er den fremste bedaren av salmane. Han opplevde forfylging. Han møtte Guds vreide. Han bed klagesongane saman med kyrkja. Han kunne seia med sanning: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Og han kan seia med sanning:
Prøv mitt hjarte,
gransk det om natta,
prøv meg med eld!
Du finn ikkje noko skammeleg hos meg.
Min munn syndar ikkje. Sal 17:3
Han er vår frelsar, vår representant framfor Gud. Dei truande i den gamle pakta kunne visa til pakta og ofringane og seia: «Me har ikkje brote di pakt» fordi Gud i sitt tolmod «hadde halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde» (Rom 3:25), og gjennom ofringane og ordningane gjeve den rettferda Jesus vann då tida var komen. Og Guds kyrkje i dag kan seia det same, rein og feilfri i han som er hovudet. Jesus bed i Salmane, og me kan be salmane i han.