Då Jesus kom til staden, såg han opp og sa til han: Sakkeus skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg vera i ditt hus. Luk 19:5
Du vart kanskje døypt som liten, og vart eit Guds barn i dåpen. Kanskje kom du seinare bort frå Gud, men kom til omvending og vart ein kristen som ung eller i vaksen alder. Kanskje kan du fortelje om det store du opplevde den gongen du gav deg over til Gud. Eller kanskje har du kalla deg ein kristen heile livet.
Korleis har du det med Gud i dag? Har du fellesskap med Jesus no?
Kanskje mykje har endra seg sidan du vart kristen. Ja, der skal vere ei endring i kunnskap, i åndeleg modning og vekst. Men for mange blir det ei endring der ein kjem på avstand frå Jesus, kristenlivet blir statisk og passivt. Livet fører mange viktige ting med seg, som gjer krav på oss. Det tek så lett den plassen i hjartet som Jesus skulle ha. I likninga om såmannen står eit trist og ransakande ord om dette.
Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer, og medan dei vandrar, vert dei kjøvde av suter og rikdom og lystene i livet, så dei ikkje ber fullmogen frukt. Luk 8:14
Kvar gong du les forteljinga om Sakkeus, møter Jesus deg slik: «I DAG lyt eg vere i ditt hus.» I morgon, neste veke, neste år, står det like eins. Det er eit vekkarrop inn i liva våre. Og det er ei stor anledning når Jesus kjem til oss slik. Han er på veg gjennom Jeriko til Jerusalem, for å døy på eit kors. For å sone Sakkeus sine synder, dine synder, verda sine synder. Han kjem til oss med heile si frelse og vil ha rom i liva våre. Det er om å gjere for Jesus å få bu hos oss. I dag.
Med brennhug trår han etter den ånd han let bu i oss. Jak 4:5b
Det talar så sterkt om Guds higen etter fellesskap med oss. Det er ikkje berre Sakkeus, eller du og eg, som har lyst å sjå Jesus. Men endå meir Jesus som lengtar etter å få kome til oss med si frelse og si omsut.