Ho skal føda ein son og gje han namnet Immanuel. Jes 7:14
Immanuel. Namnet er fullt av trøyst for ei fortapt og fordømd menneskeslekt. Her er håp kor mørkt det enn kan sjå ut. Den som får nåde til å sjå kva som ligg i dette namn vil ha den største juleglede.
Gud gjev Israel og den heile menneskeslekt eit teikn som vil sei at hos Herren er Frelse, og det same kor stor nauda er. Ei møy, ei ugift ærbar kvinne, skal verta med barn og føda ein son. Noko eineståande, uhøyrt, på jord skal skje. Utan medvirke av mann, skal ein son avlast og fødast på jord. Det er teiknet. Ved julenatt for vel 2000 år sidan vart dette profetord oppfylt. Eit barn er fødd i Betlehem, fødd av jomfru Maria.
Denne skal få namnet Immanuel. Det namnet vart ikkje hans eigennamn. Det vart Jesus (Herren er Frelse). Det har litt av same tydinga som namnet Immanuel. Det er altså ikkje først og fremst eit kallenamn, ein merkelapp for å skilja ein frå andre, men det fortel kven han er.
I det hebraiske språk finns ikkje namn for vesen. Skal ein beskriva noko, så gir ein det namn. Slik er det særleg når Gud gir namn. Her vil han då fortelja kven han er som skal fødast. Eit menneske, ein son, er han. Men han er og Immanuel. Det tyder ”Gud med oss”. Gud!
Ved syndefallet var menneskeslekta fallen i fiendehand. Synda, døden og djevelen hadde gjort oss til sine slavar. Som fangar drog dei oss alle mot evig fortaping. Vel har Djevelen inga makt til å kasta nokon i helvete. Dit skal han sjølv ein dag. Nei, den makta har Gud åleine. Men Djevelen kunne berre føra oss fram for Gud og seia: ”Etter ditt vesen og ditt Ord må du fordømma desse. Dei har jo synda mot deg og fylgt meg, ikkje deg. Dei er mine. Dei må dela ende med meg.” Denne fiendemakta er altfor sterk for oss. Ingen av oss kan få oss laus frå dette. Ja, fienden har endå blinda oss slik at ein i stor grad trivst under desse tyrannane.
Men den evig gode Gud gløymde oss ikkje i nauda. Han er full av medkjensla og gav oss ein alliert i vår strid. Det kom ein inn på vår sida, eit menneske vart fødd for å stri for alle oss andre. Dette menneske er Gud, og han er med oss. Dermed endrar heile bilete seg. No ser det lyst ut. No skal Djevelen få noko og prøva seg på. Han blir likevel for lett.
No er ikkje striden min lenger åleine. No er ikkje lenger synda mi, døden og dommen min, mi sak lenger. Immanuel har teke saka. Han tek ansvaret for synda og vert gjort til synd for oss. Han smakar døden for oss alle. På han fell Guds dom og straff. Dermed avvæpna han fiendane mine og gjer slekta fri. No kan me syngja: Seiaren er vår! ” Jesus vant og eg har vunne.”
Så gjenstår berre å hylla Sonen (salme 2:12.) Den som tek sin tilflukt til han er på den sigrande sida. Og denne allierte
kan fullkomme frelsa dei som kjem til Gud ved han. Heb 7:25
Å kor godt det er å få ein slik alliert. No er tid for juleglede, fred og fryd på jord.
Så kom hvert menneske, å kom, til julegleden ren.
Ensjønt du ei er god og from, du like fullt er en
Av dem, hvis Jesus broder er.
Han himlens arv deg skjenker her.
Jeg er av hjertet glad.
(Fra sangen “Nu ävig vel, nu ävig vel, min glädje nu er stor” av Carl Olof Rosenius.)
Kvifor då forkasta ”Gud med oss”? Då vert jo Gud for evig mot deg!
Og vite du skal om du vender deg bort, for deg er det gjort.