Årskifte er tid for ransaking og årsoppgjer. Kor står det til med ditt åndelege liv?
Då sa han til vingardsmannen: Sjå, i tre år har eg no kome og leita etter frukt på dette fikentreet, men har ikkje funne noko. Hogg det ned. Kvifor skal det stå her og arma ut jorda? Men han svara og sa til han: Herre, lat det få stå dette året òg, til eg får spadd opp ikring det og gjødsla det. Kan henda det då ber frukt neste år. Gjer det ikkje det, så får du hogga det ned. Luk 13:7-9
Eit fikentre som sto i vingarden hadde særleg gode vilkår. Det sto i god og gjødsla jord og vart stelt av gartnaren (vingardsmannen). Slik hadde Israel, folket og leiarane på ein særleg måte opplevd Guds omsorg. Dei hadde Skriftene. Døyparen Johannes var send til dei med vekking.
Så kom Herren Kristus og openberra seg midt mellom dei. Vingardseigaren venta frukt, men han fann ikkje og tala om å hogga ned treet, det vil seia å gje folket over til dommen.
Den frukta han først og fremst ventar er omvending til Gud og nytt liv. Alt stell, all tale, alle teikn hadde til no vore fåfengd. Folket æra han nok med leppene, men hjarta var langt borte frå han. Dermed står dommen for døra.
Då grip gartnaren inn. I endelaus kjærleik set han sit liv mellom dommen og folket. Her går han mellom med si bønn. «Lat det stå i år òg, så skal eg stella med det. Om ikkje det nyttar, så får du hogga det ned.» Enno eit år ville Jesus verka i folket sitt til deira omvending og frelse. Deretter var nådetida ute.
I Johannes 12 les me om Jesu siste ord til folket sitt. Deretter står det:
Dette tala Jesus, og gjekk bort og løynde seg for dei. Joh 12:36
Når Herren løyner seg, då er det for seint å verta frelst.
Korleis er det med deg som no les? Du har høyrt Guds ord mange gongar, kanskje alt frå barneår. Du har opplevd særleg gode vilkår både lekamleg og åndeleg, betre enn nesten alle på denne jord. Har denne Herrens store nåde ført til di omvending? Eg spør ikkje om du kallar deg kristen og har ei kristen vedkjenning. Men er du blitt Jesus sin?
Kva talast i himmelen over ditt liv dette nyårskifte? Uomvende venn, ber Jesus forgjeves for deg?