Då tok dei til å be seg unna, alle som ein. Den første sa: Eg har kjøpt ein jordveg og er nøydd til å gå ut og sjå på han. Du lyt gjera så vel og orsake meg. Luk 14:18
Der er to store, sterke krefter i menneskelivet som – kvar på sin måte – er årsak til vår største ulykke. Den eine er sjølve synda, den andre er vår kjærleik til verda.
Ordet i dag syner oss klart at det er meir enn sjølve synda som kan føra oss ut i evig ulykke. Å pløya si jord, stella sin åker og byggja sin heim er ikkje synd. Tvert om, det er Guds gode vilje. Han har sjølv skapt jorda og bygt den første heimen til dei første menneska.
Men korleis kan da Jesus ta desse ting fram og syna at dei hindrar folk frå å verta frelste? Det Gud har gitt oss, kan det dra oss bort frå Gud?
Ja, det kan det.
Når dei jordiske ting me har fått av Gud, vert vår høgste og dyraste skatt, då går det oss gale. Me steller oss verre enn den mannen som ikkje bryr seg det grann om kona si, men berre om den store medgifta ho hadde.
Jesus seier:
Den som held far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg, og den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Matt 10:37-38
Og når kjærleiken til far og mor og born vert oss til evig ulykke om han set Kristus i skuggen, kor mykje meir vil det ikkje gå gale med oss om me elskar dyr og jord meir enn Gud!
Her er ein stor flokk menneske som dyrkar si jord med ihug og omtanke, steller godt med sine dyr, byggjer sin heim, dei strir trutt og ærleg med si forretning, og elles er dei i all si ferd gode og rett-tenkte menneske. Dette kan ein ikkje seie anna enn godt om. Grunnen til ulykka ligg ikkje i det at me strevar og slit, men i det at strevet og arbeidet tek oss så heilt at me ikkje har tid eller trong til noko anna. I staden for å ottast og elska Gud, så ottast ein berre for uår og lite forteneste og elskar berre ei god avling og ei større bankbok.
Ingen som ser sant på menneskelivet, tør nekta for at såleis lever folk flest. Når også Gud kallar deg som lever slik, til sitt rike, så er det ikkje eit umoralsk liv som er årsak til at du «ber deg unna», men det er kjærleik til jordiske ting. Der er din tanke, din hug, – der er din dyraste skatt. Du veit nok at det ikkje er rett å leva på denne måten, og du har mange gode tankar om at ein gong skal det verta annleis. Når du har gjort det og det, når du har fått nok av det og det, så skal strevet minka, så skal du søkja Gud. Men no har du ikkje tid! No er det åkeren, no er det husdyra, no er det heimen og forretninga,- og så svarar du med dei andre som vart bedne: «Du lyt gjera så vel å årsaka meg!» Med det meiner du ikkje at at du aldri vil koma til Gud, men du meiner at det får vera til ein gong seinare. Og så gløymer du at for kvar dag som går, vert det tyngre og tyngre å riva seg laus. Verda og hjarta gror saman til eitt, du tek skade på sjela, hjarta er låst for frelsa, – og du er fortapt.
Denne vegen ned i «mørket utanfor» er så mykje meir farleg fordi alt som får deg til å stå Guds Ånd imot, er i seg sjølv godt. Til slutt slår du deg til ro med at du er eit bra og arbeidssamt menneske, så Gud vil nok ta imot deg på det siste.
Og så går store mengder av dei beste menneska fortapt. Er du ein av desse mange?
La oss tenkja oss om og spørja oss sjølv – med ærleg hug – om det er Gud eller verda som eig vårt hjarta. – Faren er stor for oss alle, men mest for dei som av naturen har hug til arbeid og framsteg her i verda.
Jesu fotspor er alene vei til Himlens herlighet,
og den dette ei vil mene,
han av Gudsfrykt intet vet;
all hans kunst og visdoms vei,
all hans gjerning duger ei!
Vil man vei til Himlen vite,
da må verden først til side.
Det me no har høyrt, er noko av den same gamle, tunge sanning om oss forvendte og motstridige menneska som brukar livet vårt til motstand mot Gud og hans frelsarkjærleik.
Men Gud vere takk! Jesus sluttar ikkje denne talen til folket før han enno ein gong har vist fram sin store frelsarhug, – som er større enn all vår synd og motvilje. Midt i alt sktik og skrål frå motstridige menneske går det ein tone ut frå Han som var og som er og som kjem, ein tone som høyrest over alle rop og skrik. Det er denne: «Kom, for no er alt ferdig!» – Der er enno rom!
Ennå fra hus til hus Han går,
Så kjærlig Han for døren står.
Han banker på og byder deg
en plass hos seg i Himmerik.
Om vårt hjarta er stengt for Han, så er hans hjarta ikkje stengt for oss. Om me brukar våre liv til å stå han imot og halda han utanfor vår dør, så brukar han sin kjærleik til å halda ut, – om det kanskje ein gong kan lukkast å koma inn.
Der er enno rom.
Enno har han ikkje teke Ordet og Anden og sine trugne vitne frå oss. Enno grev han om treet og legg gjødning til rota. Om me vil, kan me finna han som vår Frelsar og Far. Me kan få leggja av oss all vår synd og sorg og stiga inn i Guds rike.
Der er enno rom.
Er du eit bra, verdsleg menneske, så er du velkomen, og er du mellom dei vonde, halte, blinde og lamme som synda har herja, så er alt ferdig også for deg. Og står du på vegskilet, ferdig til å gå den verste av alle vonde vegar, så er du like velkomen som alle andre.
Der er enno rom.
Men prøv å hugs – du som alltid vil at det skal vera ein annan gong – at det står: Der er enno rom. Dette «enno» seier oss at ein gong vert det slutt, ein gong er det ikkje lenger rom.
Når pinseværs sus har for siste gang gått ut over all verden, å hør!
Når den reddende hånd har sitt siste slag slått på synderens tillukte dør.
Då er det ikkje lenger rom!Forgjeves lød hans nådes rop,
du går i graven uten håp;
for sent, for sent det da vil bli!
Jesus fra Nasaret gikk forbi....
Du som enno står på kanten av den evige avgrunnen fordi du til i dag har svara nei til alle Guds kall, – eg ropar til deg der du står på den siste tomme av di nådetid: Vend om!
Vend om no! – Eg ber ein stille, tung otte for at tida heretter er kort. Det ser ut som det mørknar fort mot midnatt. Evangelietonane vert etter kvart meir og meir tynne, veike, uklare og fornuftkledde. Sola sig i havet, og skuggane legg seg over folk og land. Kan du høyra det som eg no ropar til deg? Vil du la deg frelsa i dag?
Lat deg frelsa! Der er enno rom!
Hvorfor vil lengre du leve borte fra livet i Gud?
Verden bedrager ditt hjerte; kom og bli Frelserens brud!Timene flyr jo så hastig. Aldri de kommer igjen.
Snart vil og dødsflodens bølger rulle ved livsstranden hen.DÅ er det ikkje lenger rom!
Ein uhyggjeleg tanke! – Ei hjarteskjærande sanning?
Guds folk! Lat ordet om at det er enno rom i Guds rike få oss til å hugsa at enno har me arbeidsrom i folket for Guds Ord. Enno høyrer folket når Ordet vert bore fram i Guds kraft. Enno står bedehus og kyrkje opne for oss. Enno torer ingen å nekta oss å bøya kne saman med angrande syndarar. Enno er det mange av våre søner og døtre som står villige til å gå med Ordet til heidningland. Enno stirer søkjande sjeler etter lys – heime og ute. Enno vert det fødde Guds born av fortapte syndarar. Er ikkje det stort? Så bruk all di tid – og arbeid der du har fått rom til å tena din Frelsar. Sei det på nytt – utan å trøytna i ord og gjerning: KOM! For alt er ferdig.
No har du dagen, å bruk han vel.
Og lei til Jesus kvar sorgfull sjel.
Fortel at Han har oss alle kjær,
at ein kan koma just som ein er!
Det er enno rom!
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli